Hopp til innhold

Ny art kan true norske spissmus

Ei ny spissmusart er oppdaga i Noreg. – Dette kan vere ein trussel mot dei norske spissmusartane, hevdar ekspert.

Husspissmus

Den framande arten husspissmus er oppdaga i Stavanger-området.

Foto: Jeroen van der Kooij

For to år sidan vart husspissmusa oppdaga i Rogaland for fyrste gong. Biologane trur no at det allereie er mange tusen husspissmus på Sørvestlandet.

– Det er ein ny art i Norden. Den har kome seg hit ved hjelp av menneske og den spreier seg raskt, seier biolog og ekspert på småpattedyr, Jeroen van der Kooij.

Biologen er skeptisk til den nye arten sin framvekst i Noreg og fryktar at husspissmusa kan true dei norske spissmusartane.

– Husspissmusa kan oppnå ganske høg tettleik i motsetning til dei norske spissmusartane. Dermed kan den også utkonkurrere dei, fordi den rett og slett er overlegen i tal, seier van der Kooij.

Husspissmus

Biolog og ekspert på småpattedyr, Jeroen van der Kooij, er skeptisk til den framande spissmusarta og ynskjer eit strengare regelverk.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

Kom hit via menneske

Husspissmusa har kome til Noreg med varetransport frå Mellom-Europa. Van der Kooij er kritisk til at Noreg har fått inn nok ei uønskt art.

– Regelverket og handhevinga av regelverket er alt for svakt i Noreg. Når vi biologar oppdagar slike uønskte artar, er det nesten for seint ettersom dei har spreidd seg i landskapet allereie.

Husspissmusa er ei spissmusart som kan gå i dvale, og difor er det lett for ho å overleve i ein konteinar ei lengre periode.

Vil ha strengare regelverk

Husspissmusa er ei av over 3000 framandartar i Noreg. På fem år har det kome inn over 500 andre framanartar i Noreg.

Korleis dei nye artane kjem til Noreg varierer, men mange av dei kjem via import. No etterlyser biologen eit strengare regelverk.

– Det bør vere eit regelverk som sørgjer for at varer som kjem inn i landet blir sjekka for framande artar, seier van der Kooij.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen er samd i at innsatsen må forsterkast når det gjeld regelverket.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V)

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Vi må gjere meir. Framande arter truar norsk natur. I departementet har vi eit forslag frå miljødirektoratet om korleis vi skal sjå på regelverket, og sjå på korleis vi skal stoppe dei innførselsvegane vi har, seier Elvestuen.

– Husspissmusa er i og for seg eit fint dyr, det er berre det at vi menneske har tatt dei med hit, noko som ikkje er særleg bra, seier biologen.