Hopp til innhold

Omfattande leiteaksjon etter fem barn

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det vart sett i gang ein storstilt leiteaksjon etter fem barn og ei kvinne på Vestre Sandøya i Tvedestrand laurdag.

Barna som var i alderen eitt og eit halv til seks år var på sopptur saman med ei kvinne laurdag ettermiddag. Dei la ut på turen ved 14.30-tida og vart meldt sakna ved 17.30-tida då dei ikkje hadde komme heim.

Både luftambulanse, redningsskøyte, Røde Kors og politi vart kalla ut for å leite etter dei. Ein time seinare vart dei funne i god behald av ein Taxi-båt som også deltok i søket.

– Det var omfattande søk. Redningsskøyta leitte med varmesøkjande kamera langs land, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Øystein Vellesen til NRK.no.

Ifølgje politiet hadde dei gått seg vill og dei hadde ikkje mobiltelefon med seg.

– Når vi set i gang slike omfattande leiteaksjonar går det klart utover beredskapen. Men sjølvsagt måtte vi setje i gang søk, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %