I fylkesutvalet tysdag føremiddag stemte berre ein Frp-representant mot den store utbyggjinga til over 6 milliardar kroner.
– Vi er forplikta på å gjere noko med klimautsleppet. Eg tenkjer at havmøller er betre å satse på enn vindmøller på land, som øydelegg landskapet for all framtid, seier Anne Margrethe Larsen (V) til NRK.
Fiskarane har protestert mot ei utbygging.
– Det har eg respekt for, men eg meiner at vi er forplikta til å ta ansvar for at der er klimaendring og klimatiltak vi må setje i verk, seier Larsen.
1. februar sa bystyret i Flekkefjord ja til utbygging av vindmølleparken på Siragrunnen.
Planane omfattar inntil 67 vindmøller.