Hopp til innhold

Robba postkassar - tappa fleire bankkontoar

Ei 19 år gammal kvinne tømde fleire titals postkassar og stal ei rekkje bankkort for så å tømme kontoane. No må ho møte i retten.

Postkasser

Ei kvinne må møte i retten tiltalt for mellom anna ei rekkje posttjuveri i Grimstad. Det vart mellom anna stole post frå desse postkassane.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Eit heilt nabolag i Grimstad fortvila etter at 150 postkassar vart robba i januar og februar.

16. januar vart fire personar i alderen 18 til 25 år pågripne og sikta for tjuveria. Ei av dei, ei 19 år gammal kvinne, vert no framstilt for retten.

I tiltalen går det fram at 19-åringen frå Grimstad skal ha stole post frå 47 postkassar nær sentrum av Grimstad.

Erkjenner nokre forhold

I fleire postkassar skal ho mellom anna ha stole både bankkort og pin-kodar. Ho skal også ha stole både bilsertifikat og forsikringsbevis frå postkassane.

Espen Wangberg

Advokat Espen Wangberg forsvarar den tiltalte kvinna.

Foto: Rushda Syed / NRK

Samla skal kvinna ha teke ut over 10 000 kroner frå minibankar frå kort ho hadde stole.

Ho skal også ha overført over 20 000 kroner frå eit Mastercard til sin eigen bankkonto.

– Ho erkjenner noko. Noko erkjenner ho delvis utan at eg vil gå inn på det no, seier forsvarar Espen Wangberg til NRK.

Kvinna sit i varetektsfengsel til saka skal opp i retten i slutten av august. Forsvararen trur kvinna sin alder vil påverke straffa.

– Sidan ho er såpass ung trur eg det vil innverke ganske mykje for påtalemakta sin påstand, utan at eg veit kva dei tenkjer, seier advokaten.

Narkotika-oppbevaring

Politiadvokat Vanja Bruvoll er på ferie og vil ikkje kommentere saka utover at kvinna sit i varetektsfengsel.

I tillegg til ei rekkje posttjuveri er kvinna også tiltalt for to biltjuveri. Ho er også tiltalt for bilkøyring utan førarkort, påkøyring og for å ha nekta å stoppe i ein politikontroll.

I tillegg er ho tiltalt for oppbevaring av narkotika.

– Eg vil ikkje kommentere saka noko meir. Eg vil vente til ho har fått sjans til å forklare seg i retten, seier Wangberg.

19-åringen er tidlegare domfelt for mindre forhold.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %