Hopp til innhold

Robba gartneri for plantar til 40 000 kroner

Dei tilsett ved Skogheim Gartneri i Grimstad fekk sjokk då dei kom på jobb onsdag morgon. I løpet av natta har tjuvar stole dyre plantar og tre for rundt 40 000 kroner.

Gartneriinnbrudd

Tyvene hadde i tillegg til å stjele masse planter, rasert området.

Foto: Privat

– Det er ikkje noko gøy. Du blir jo mildt sagt irritert, seier gartnar Leif Hodnebrog til NRK.

Stauder til 1000 kroner per stykk, lerketre og dvergkastanjer er borte. Kun jordrestar og blad ligg att på området der tjuvane har forsynt seg grovast.

– Det er tydeleg at dette er folk som har greie på blomster og plantar. Dei har teke dei dyraste og finaste tinga. Om det er eit bestillingstjuveri eller folk som driv i den useriøse bransjen veit vi ikkje. Men det er ikkje amatørar som har vore her, seier han.

– Må ha brukt varebil

Gartnaren ringde politiet då han og kollegaene oppdaga tjuveriet. Klokka 11 onsdag føremiddag var politiet enno ikkje på plass. Nokre av trea og plantane stod ikkje innegjerda.

– Vi er i full gang med å gjerde inne heile området no, seier han.

Ifølgje Hodnebrog har plantetjuvane brukt trillebårer og traller som høyrer til gartneriet på å frakte varene ut av området.

– Dei må ha hatt ein varebil eller tilhengar. For det er snakk om store plantar, som du ikkje får plass til i ein vanleg personbil. Dei har visste kva dei har drive med, seier han.

Ber om tips

No håpar gartnaren at tips frå publikum skal nøste opp tjuveriet.

– Eg håpar at alle som har sett eller høyrt noko gir beskjed til oss og politiet, seier han.

Gartneriet har aldri tidlegare vore utsett for tjuveri med så store verdiar.

– Vi har hatt nokre småtjuveri med lokale som har pynta hagane sine. Desse har blitt oppklara. Eg håpar folk kan vere på vakt og sjå om dei ser hagar som er fulle av plantar, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %