Fem personar teke med til politistiasjonen i Kristiansand. Det er to kvinner på 18 og 30 år, og tre menn på 18, 24 og 26 år.
Ifølgje politiet vil den 18 år gamle kvinna bli sikta. Ingen personar skal ha blitt fysisk skada under ranet.
Brukte våpen
Det var 31-åringen som vart rana som sjølv varsla politiet.
– Alle dei fem vi har teke inn til stasjonen vil bli avhøyrt. Då får vi forhåpentlegvis klarlagt rollene deira, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Per Kristian Klausen til NRK.
Ifølgje politiet skal det ha blitt brukt våpen under ranet. Politiet vil førebels ikkje seie kva våpen som vart brukt.
– Det vil eg ikkje kommentere før vi har fått etterforska saka noko meir, seier Klausen.
Kjenningar av politiet
Dei fem personane som er pågripne skal alle vere kjenningar av politiet.
Politiet vil heller ikkje seie noko om kva dei fem personane var ute etter hos mannen.
31-åringen som vart rana er allereie avhøyrt av politiet.
– Eg har ikkje lese avhøyret endå og kan difor ikkje kommentere kva han har forklart, seier operasjonsleiaren.
NRK oppdaterer saka.