NRK Meny
Normal

Priske debuterer for Start

Danske Brian Priske spelar sin første kamp i gult og svart når Start møter Sandnes Ulf til treningskamp laurdag kveld.

Brian Priske, Start

DEBUT: Brian Priske spelar sin første Start-kamp laurdag kveld.

Foto: Håvard Raustøl/NRK

I tillegg spelar Birger Madsen i midtforsvaret saman med Espen Knudsen. På keeperplass får talentet Johnny Kristiansen sjansen frå start.

Kampen startar klokka 1930 i Sørlandshallen, skriv ikstart.no.

Start startar med følgjande elleve spelarar:

Johnny Kristiansen - Brian Priske, Birger Madsen, Espen Knudsen, Branislav Milicevic - Espen Hoff, Fredrik Strømstad, Olufemi Oladapo, Christer Kleiven, Ernest Asante - Ole Martin Årst.

På benken sit følgjande spelarar:

Kenneth Høie, Mads Stokkelien, Rolf Daniel Vikstøl, Solomon Owello, JOnas Werner og Avni Pepa.