– Vi byrja å merke underkapasiteten i 2009, seier avdelingssjukepleiar Grethe Abusdal til Fædrelandsvennen.
Årsakene er blant anna for lite plass, for låg bemanning og for svak kompetanse.
Ifølgje avisa er Helsetilsynet varsla i saka. Dei følgjer situasjonen og er uroa. I fjor haust og vinter fekk tilsynet melding frå sjukehuset om tre pasientar som er blitt feilbehandla.
Fekk for høg dose
Fagdirektør ved sjukehuset, Per Engstrand, skreiv følgjande i ei melding til helsetilsynet:
«Viktige fellestrekk (for dei tre hendingane, red. anm.) er likevel mangelfull kompetanse og stor arbeidsbelasting på sengepost og Hie der hendingane skjedde, og dermed for låg beredskap til å handtere desse pasientane».
Ole Georg Vinorum
Foto: Svein Sundsdal / NRKJan Roger Olsen
Foto: NRK / NRKIfølgje avisa måtte ein døyande hjartesjuk pasient, som fekk 10 gonger for høg dose medisin i over tre timar. I rapporten frå sjukehuset går det fram at vakta var særs travel på grunn av fleire alvorleg sjuke pasientar.
– Eg er uroa for at det i periodar ikkje er nok intensivplassar på intensivavdelinga i Kristiansand, seier sjef for kirurgisk klinikk ved Sørlandet sykehus, Ole Georg Vinorum til NRK.no.
Stor auke
Kvart år sidan 2006 har talet på respiratordøgn auka med 10 prosent. Frå 2009 til 2010 auka det ytterlegare 15 prosent.
Sjukehuset har no sett i verk fleire krisetiltak. Blant anna er det utarbeida forslag til ombyggjing av intensivavdelinga. I tillegg vert det utgreia eit nytt tilbod til pasientar som er for friske for intensivavdelinga.
Torsdag skal sjukehusdirektør Jan Roger Olsen orientere styret.
– Dette er ei av dei største utfordringane vi har for tida, seier han til Fædrelandsvennen.