Hopp til innhold

Politiloggen: Dette skjedde i natt

Fyllekøyring, vanskelege gjester og hest på ville vegar er nokre av oppdraga politiet på Agder måtte hanskast med natt til måndag.

05.43 Kristiansand: Politiet fekk melding om at ein full mann sumde utanfor Sjøhuset. Politipatruljen som reiste til staden melde tilbake at mannen hadde komme seg på land.

05.16 Kristiansand: Fleire melde ifrå til politiet om at ein hest gjekk rundt på Topdalsveien. Eigaren fekk etter kvart kontroll på hesten.

04.40 Arendal: Ein mann i 30-åra er mistenkt for promillekøyring. Politiet har sikra blodprøve av mannen.

03.49 Tvedestrand: Politiet måtte ut for å dempe musikk frå ein båt som låg til kai ved Bakkeskåt.

01.42 Kristiansand: Politiet fekk melding om tilløp til ein slåstkamp i Tollbodgata. Ei patrulje snakka med dei involverte på staden. Ingen har meldt saka til politiet.

01.19 Kristiansand: Ein utestad varsla politiet om ein vanskeleg gjest som ikkje ville gå frå staden. Gjesten var borte før politiet kom fram.

00.49 Arendal: Ein mann i slutten av 20-åra vart meld for køyring utan førarkort.

00.29 Risør: Ein person skal ha gått til angrep på betjeninga ved ein bar. Personen sprang frå staden. Episoden vert truleg meldt.

22.27 Arendal: Ein mann vart funne blodig etter å ha blitt slått ned i Havnegata. Ein mistenkt hadde forlate staden då politiet kom fram.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %