Hopp til innhold

Dette gjorde politiet i natt

Ein person vart send til legevakta for sjekk etter å ha blitt slått ned i Arendal. Her er politiloggen frå natt til laurdag.

Politi illustrasjojn

Politiet hadde mykje å gjere natt til laurdag. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Oddleif Løset / NRK

03.26 Kristiansand: Politiet fekk melding om høg musikk og feststøy frå ei leilegheit. Politiet var festbrems og dempa både fest og musikk.

03.15 Kristiansand: Politiet gjennomførte ein promillekontroll på Vesterveien. Totalt vart 75 bilistar kontrollert, og ingen var mistenkt for ruskøyring.

02.46 Kristiansand: Ein mann i 30-åra vart teken med mindre mengde narkotika. Mannen vart seinare dimittert, opplyser politiet.

02.10 Kristiansand: Ein mann (21) var meld for urinering på offentleg stad.

02.05 Arendal: Ein person vart send til legevakta for sjekk etter å ha blitt slått ned på Myrene. Politiet har sikra seg personalia på to personar og ventar på eventuell politimelding frå ein av dei.

Arendal: Politiet måtte vekke ein mann som låg og sov utanfor Arendal postkontor.

01.38 Kristiansand: Ein rusa mann i 30-åra vart vist bort frå sentrum resten av natta.

01.09 Lillesand: Tre personar var involvert i eit slagsmål på ein utestad. Ein mann og ei kvinne vart vist bort frå staden.

00.53 Kristiansand: Ein 22 år gammal mann vart vist bort frå sentrum for resten av natta. Årsaka var at han hadde krangla med ei dørvakt på ein utestad.

00.03 Arendal: Politiet fekk melding om eit slagsmål. Politiet opplyser at det var roleg då dei kom fram til staden, men ein mann vart vist bort. Ei kvinne vart sett i arresten på grunn av rus, opplyser politiet.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %