Hopp til innhold

Pipa har fått ein annan lyd

I mars i fjor sa Avni Pepa at han var ferdig med Start. Etter å ha vore på utlån i Fram Larvik sist sesong er han no tilbake i gult og svart, og håpar på fast plass.

Avni Pepa

MOTIVERT: Start-spelaren Avni Pepa var særs kritisk til Start i fjor, men vil no kjempe for fast plass på Start-laget.

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

– Eg har lært litt og vakse som fotballspelar, så eg trur det har vore nyttig, seier Pepa om opphaldet i 2. divisjonsklubben Fram Larvik.

Pepa var særs oppgitt over at klubben ikkje ville satse på han i fjor.

Kritisk til Start

– Eg tykkjer det er tåpeleg gjort. Eg føler eg fortener ein sjanse til å vise meg fram. Eg har følt meg bra i vinter. Dette kom som eit sjokk, sa Pepa.

Pepa ville då ta kontakt med NISO for å få hjelp. Han var særs oppgitt over behandlinga av fleire Start-spelarar. Blant anna brasilianaren Bruno, som vart degradert til Start 2 , for så å bli løyst av kontrakta seinare. Det same skjedde med Kjetil Kamark .

– Eg vil ut av kontrakta eg har med Start. Slik eg ser det er eg ferdig med Start , sa han.

Motivert Pepa

Men no er Pepa på trening med Start igjen, og motivert til å kjempe for ein plass på laget.

– Eg må berre jobbe hardt, og håpe på å få sjansen. Og så må eg ta vare på den sjansen. Det er vel eigentleg kva dette handlar om, seier Pepa til ikstart.no.

– Spesielt vårsesongen i fjor var bra, og eg trur vi kan gjere det godt også i år. Vi er ein ung tropp, men eg trur vi kan gjere det bra, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %