– Revar hadde avbite øyrer eller halar. Mink hadde avbite øyrer og bein, seier informasjonsansvarleg i Dyrebeskyttelsen Norge, Odd Harald Eidsmo til NRK.no.
- LES OGSÅ: Nye skrekkbilder fra pelsdyrfarmer
Eidsmo hevdar han har sett sjuke og skadde pelsdyr på farmar i Vegårshei, Froland, Birkenes og Marnardal. Han hevdar det var skadde dyr på alle gardane.
Rev utan bakbein
– Eg såg også ein rev utan bakbein og eg såg ein mink med eit veldig kraftig sår i nakken, seier Eidsmo.
Han snakka ikkje med nokon av dyreeigarane då han besøkte gardane.
– Formålet vårt er å gå inn på pelsfarmane, dokumentere forholda og bringe bevis tilbake til styresmaktene om korleis kvardagen er på pelsfarmar, seier han.
Kan misse økonomisk støtte
Det var NRK Dagsrevyen som avslørte at pelsdyrnæringa ikkje har rydda opp i forholda - som dei lova for eitt år sidan. Konsekvensen kan bli at næringa misser den økonomiske støtta.
- LES OGSÅ: Vurderer å trekke støtten
– Vi ser at det ikkje er rydda opp, og dette er ikkje bra nok. Eg har inntrykk at næringa har jobba målretta for å rydde opp, men framleis er det slik at enkelte produsentar ikkje klarar å følgje lover og reglar og det kan vi ikkje akseptere, seier landbruksminister Lars Peder Brekk til NRK.no.
No varslar Brekk strengare kontrollar.
Møter næringa
– Vi stramar opp regelverket. Vi har fleire tilsyn og jobbar over eitt breidt spekter. Mattilsynet har auka talet på tilsyn, men førebels er det ingen opprettarar som har mista retten til å halde dyr, seier han.
Måndag ettermiddag skal landbruksministere møte bransjeorganisasjonen Norges Pelsdyralslag.