Hopp til innhold

Over 40 tekne for promillekøyring i helga

Alkovettorganisasjonen «Av og til» er skremt etter at over 40 bil- og båtførarar vart tekne for promillekøyring langs kysten av Sør-Norge berre i helga.

UP har kontroll

Politiet tok minst 44 ruskøyrarar langs kysten av Norge frå Hordaland til Østfold i helga. (Arkivfoto)

Foto: www.nordsveenfoto.no

– Det talet er utruleg høgt. Anten du er båtførar eller bilførar utset du deg sjølv og andre for fare om du er rusa, seier dagleg leiar i alkovettorganisasjonen Av og til, til NRK.

Kari Randen

Kari Randen er dagleg leiar i alkovettorganisasjonen Av og til.

Foto: Irene Sandved Lunde/Bård Gundersen
Sigbjørn Rygg

Sigbjørn Rygg er fungerande UP-sjef i Agder og Rogaland.

Foto: Thomas Sommerset / NRK
Frode Pedersen

Frode Pedersen er kommunikasjonssjef i Redningsselskapet.

Foto: Redningsselskapet

Fungerande UP-sjef i Agder og Rogaland tykkjer det er bra at ruskøyrarane vert tekne, men trur også at mange slapp unna i helga.

– Det er alt for mange. Men eg er redd det berre er toppen av isfjellet. Kanskje spesielt til sjøs der sjansen for å bli teken nok er litt mindre, seier Rygg.

Halvparten tekne på Sørlandet

NRK har gått gjennom loggane til politiet i Hordaland, Rogaland, Agder, Telemark, Vestfold, Søndre Buskerud og Østfold.

Gjennomgangen viser at minst 33 bilførarar og 11 båtførarar er tekne for ruskøyring sidan fredag kveld. Altså til saman 44 tilfelle.

Nær halvparten er tekne på Sørlandet.

(OBS! Det kan vere fleire tilfelle som ikkje er registrert i loggane til politiet.)

18 førarar tekne berre i Agder

Berre i Agder-fylka vart ni bilførarar tekne for ruskøyring. På sjøen vart ni båtførarar stoppa og mistenkt for promillekøyring.

– Det er fleire enn normalt. Det er sommar og vi veit at folk drikk meir enn elles i året, seier Rygg.

Kommunikasjonssjef Frode Pedersen i Redningsselskapet ber folk tenke seg om før ein set seg i båten rusa.

– Vår klare oppfordring er at du ventar med å drikke til du har sleppt ankeret. Så kan ein kose seg. Vi har sjølvsagt ikkje noko imot at folk nyt ein god kvitvin i hyggeleg lag sjølv om ein er på båttur. Men ver så snill, ikkje bruk båten etterpå, seier han til NRK.

I mai fortalde NRK om ei undersøking som viste at 99 000 nordmenn førte fritidsbåt med promille i fjor. Undersøkinga var utført for alkovettorganisasjonen «Av og til».

Båt og alkohol

Både politiet og Redningsselskapet ber passasjerar gje beskjed om føraren av bilen eller båten er rusa.

Foto: Berge, Asbjørn Odd / Asbjørn Odd Berge/NRK

Tre tekne på øysamfunn

Berre på det vesle øysamfunnet Hidra i Flekkefjord vart tre bilførarar tekne for promillekøyring natt til søndag.

Nils Olav Vågen, som bur på øya, meiner at politiet er der for sjeldan.

Nils Olav Vågen

Nils Olav Vågen bur på Hidra der tre bilførarar vart tekne for promillekøyring natt til søndag.

Foto: Lars Gunnar Eie / NRK

– Det tungvint for politiet å komme ut med ferja, og det kan vere årsaka til at dei er her så lite. Difor tek folk sjansen på å køyre i påverka tilstand. Eg vart ikkje veldig overraska når dei no tok nokon, seier han.

Fungerande UP-sjef i Agder og Rogaland vedgår også at dei ikkje klarer å kontrollere så mange bilførarar som dei skulle ønske.

– Vi klarer berre å kontrollere eit fåtal av bilane som er på vegen. Vi tek berre ein brøkdel. Men vi har veldig fokus på ruskøyring og prøver å ha så mange kontrollar det let seg gjere. Spesielt no i ferien, seier han.

Tekne for promillekøyring 10.–12. juli 2015

Hordaland

Bil/MC: 3 – Båt: 0

  • Ein bilførar er mistenkt for promillekøyring på Eikangervåg på E39.
  • Mann vart pågripen mistenkt for promillekøyring i bil (Tysnes-Våge)
  • Mann vart stoppa mistenkt for promillekøyring i bil (Tysnes-Uggdal)

Rogaland

Bil/MC: 4 – Båt: 0

  • Ei kvinne (47) og ein mann (35) innrømte bilkøyring i påverka tilstand Hommersåk. Det vart også funne narkotika i bilen.
  • Mann (36) pågripen mistenkt for å ha køyrt bil med promille.
  • Mann (27) pågripen mistenkt for promillekøyring på moped i Stavanger.
  • Ein rusa bilførar vart stoppa på Ålgård. Han hadde heller ikkje gyldig førarkort.

Agder

Bil/MC: 9 – Båt: 9

  • Ein mann (18) er mistenkt for promillekøyring etter ei trafikkulykke på Kystveien i Arendal
  • Ein person vart pågripen mistenkt for promillekøyring med bil i Flekkefjord like før klokka fire.
  • Ein bilførar vart stoppa i Kristiansand mistenkt for promillekøyring like over klokka tre natt til søndag.
  • Ein båtførar med promille vart stoppa av politibåten i indre hamn i Tvedestrand. Føraren vart stoppa like over klokka fire natt til søndag.
  • Klokka 03.20 vart ein båtførar stoppa i Tvedestrandsfjorden mistenkt for promillekøyring.
  • Ein båtførar med promille vart pågripen i Tvedestrandsfjorden klokka 02.45.
  • Klokka 02.14 vart ein båtførar teken for promillekøyring i indre hamn i Tvedestrand.
  • Klokka 01.37 vart ein person mistenkt for promillekøyring stoppa i indre hamn i Tvedestrand.
  • I indre hamn i Lillesand vart ein person pågripen mistenkt for promillekøyring med båt klokka 01.17.
  • Tre bilførarar vart stoppa mistenkt for promillekøyring på Hidra i Flekkefjord rundt midnatt natt til søndag.
  • Ein mannleg bilførar (53) vart stoppa mistenkt for promillekøyring i Mandal.
  • To personar vart stoppa og er mistenkt for promillekøyring i båt i Arendal natt til laurdag.
  • Ved halv firetida natt til laurdag vart ein båtførar stoppa i indre hamn i Arendal mistenkt for promillekøyring.
  • Like før klokka 02.00 vart ein bilførar stoppa på Birkeland mistenkt for promillekøyring.
  • Ein bilførar vart teken på E39 i Songdalen. Mannen er mistenkt for rusa køyring. Han køyrde også utan førarkort.

Telemark

Bil/MC: 2 – Båt: 0

  • Ein 19 år gammal mann vart stoppa i Porsgrunn mistenkt for køyring i påverka tilstand
  • 56 år gammal mann stoppa i Kragerø mistenkt for promillekøyring

Vestfold

Bil/MC: 5 – Båt: 1

  • Ei 26 år gammal kvinne er meld for promillekøyring etter vinglete køyring ved Borgeskogen sør for Tønsberg.
  • Mann (24) mistenkt for promillekøyring på Tjøme.
  • Ein 35 år gammal mann mistenkt for promillekøyring i båt i Tønsberg.
  • 20 år gammal mann teken i Horten for promillekøyring og utan førarkort. Han er kjente forholdet.
  • Ein 23 år gammal mann mistenkt for promillekøyring i Våle.
  • Gut (17) mistenkt for promillekøyring på moped.

Søndre Buskerud

Bil/MC: 4 – Båt: 0

  • Mann i 30-åra teken for promillekøyring i Drammen
  • Mann i 20-åra teken for køyring i rusa tilstand. Ifølgje politiet hadde han røykt cannabis.
  • Kvinne i 50-åra teken for promillekøyring på E18
  • Mann i 50-åra teken for promillekøyring i Drammen

Østfold

Bil/MC: 6 – Båt: 1

  • To personar vart tekne for promillekøyring i kvar sin bil på Rudskogen
  • Ein båtførar i 30-åra vart pågripen i Halden mistenkt for promillekøyring med båt
  • Ein bilførar som vert beskrive som svært rusa vart stoppa på Rudskogen
  • Ein mann i 20-åra vart stoppa mistenkt for promillekøyring på Rudskogen.
  • Ein mann i 20-åra vart stoppa på det politiet kallar ein mini-moped på Rudskogen.
  • Mann i 30-åra vart stoppa mistenkt for promillekøyring på Rudskogen.

Totalt bil/MC: 33

Totalt båt: 11

Ekspander/minimer faktaboks

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %