NRK Meny
Normal

Omkom etter trefelling

Ein mann (79) mista livet då han fekk eit tre over seg i samband med trefelling.

Laster kart, vennligst vent...

Ulykka skjedde ved 15.20-tida måndag ettermiddag i eit hyttefelt ved Lenefjorden i Lindesnes.

Kort tid etter fekk politiet melding om at den eldre mannen var død.

– Han var åleine då ulykka skjedde, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Audun Eide til NRK.

Politiet ser ikkje grunn til å etterforske dødsfallet.

Mannen skal ha vore aleine då ulykka skjedde.