NRK Meny
Normal

ØIF Arendal cruisar vidare i e-cupen

Tyrkiske Bachesehir Koleij var lett match for ØIF Arendal i 3. runde i europacupen (Challenge Cup). Arendalittane sikra seg eit godt utgangspunkt med 40-29 siger heime i Nedeneshallen.

Sondre Paulsen

SIGER: Sondre Paulsen vart toppscorar med sju mål i ØIF Arendal sin første europacupkamp nokonsinne.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Svenn Erik Medhus

Svenn Erik Medhus

Foto: Sander Heggheim/NRK
Håvard Augensen, ØIF Arendal

Håvard Augensen

Foto: Sander Heggheim/NRK
Knut Inge Jørgensen

Knut Inge Jørgensen

Foto: Sander Heggheim/NRK
ØIF Arendal

ØIF Arendal hadde full kontroll gjennom store delar av kampen, men klarte aldri å tette igjen i eige forsvar.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Sondre Paulsen vart toppscorar med sju mål mot tyrkarane. Arendalittane leia 22-14 til pause.

Etter to strake tap i eliteserien var det deilig å komme på vinnarsporet att, meiner trenar Leif Gautestad.

Svak motstand

– Eg er glad for at vi vinn vår første kamp i e-cupen. Eg tykkjer det var kjekt å sjå at vi fekk ein fin rytme i angrepet vårt. I tillegg fekk eg brukt mange spelarar, seier Gautestad til NRK.no.

For sigeren var aldri truga i oppgjeret mot eit svakt tyrkisk lag. Gautestad fekk brukt heile mannskapet sitt, og det var kun ein utespelar som ikkje kom på scoringslista i oppgjeret.

– Eit gir til

– Vi har kanskje eit gir til å gå på. Eg lot heile troppen får spele og mange av dei unge spelarane fekk med seg viktig erfaring. I tillegg fekk dei som ikkje har spelt så mykje tidlegare i sesongen speletid, seier Gautestad.

Keeper Svenn Erik Medhus er klar på at det framleis skal spelast 60 minutt før ØIF Arendal kan sleppe jubelen laus for avansement i europacupen. Returkampen vert spelt laurdag klokka 14 i Nedeneshallen.

– Eg håpar ikkje vi rotar vekk dette, men ballen er rund og alt kan skje, seier Medhus.

Skal lage fest

– Vi har slite litt i seriespelet dei siste kampane. Vi scorar 40 mål i dag, som er utruleg bra. Men vi slepp inn 29 mål, noko som ikkje er fullt så bra. Vi må nullstille inn mot kampen laurdag så skal vi kline til og lage fest her i Nedeneshallen, seier Medhus.

Kampen mot Bachesehir Koleji var ØIF Arendal sin første europacupkamp nokonsinne.