Hopp til innhold

Ohi sende Grimstad til himmels

Start såg ut til å gjere ende på 15 strake kampar utan siger, men så dukka Ohi opp for Jerv og sende Grimstad til himmels.

Ohi etter Jerv-Start

Laster innhold, vennligst vent..

Mange heldt på Jerv som favoritt i kvaliken mot Start. Men i den første kvalifiseringskampen gjorde eit svært heldig Start-lag slutt på ei vond resultatrekke.

Start stod nemleg med 15 strake kampar utan siger før møtet med Jerv i det som vert omtala som tidenes fotballdrama på Sørlandet.

Det såg ut som om det var Jerv som var eliteserielaget i kvalifiseringskampen. Det var grimstadklubben som styrte alt heime på Levermyr stadion i 90 minutt.

Men så var det dette med å få ballen i mål.

Det klarte sleit Jerv med trass i sjansar i hopetal. Start framstod omtrent som dei har gjort i eliteserieinnspurten. Tannlaust, upresist og utan plan offensivt. Men dei klarte det aller viktigaste - å få ballen i mål.

(Artikkelen fortsetter under bildegalleriet)

Jerv-scoring
Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Tok vare på sjansen

Og det var den heimvende som såg ut til å bli den store helten. Mads Stokkelien vart henta tilbake frå USA i sommar for å sikre ny eliteseriekontrakt.

Start-scoring

Start-spelarane jublar for scoring på Levermyr stadion.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Etter å ha blitt pressa tilbake på bana det første kvarteret tok Stokkelien godt vare på sjansen då han kom aleine med Jerv-keeperen.

Espen Børufsen vann ein luftduell og plutseleg var Stokkelien gjennom og fekk tåa på ballen som trilla i ope mål til enorm jubel blant Start-spelarane.

Dei fleste tilskodarane på Lervermyr stadion kom nok ut av teljinga på kor mange sjansar heimelaget produserte, og vrei seg i frustrasjon over manglande utteljing.

(Artikkelen fortsetter under videoen)

Jerv-trener Steinar Pedersen

Ny sein scoring

1700 av dei 1800 tilskodararane på Levermyr stadion trudde nok at Jerv skulle få utlikninga etter eit massivt press gjennom heile andre omgang.

Men Start forsvarte seg godt, samstundes som Jerv ikkje hadde marginane med seg i dei avgjerande situasjonane.

Men så skjedde det igjen, som det gjorde i siste serierunde, på Høddvoll og i Kristiansand tidlegare i kvalifiseringsspelet. Jerv gjer aldri opp. Fire minutt før slutt dukka toppscorar Ohi opp og utlikna for Jerv.

1800 tilskodarar på eit fullsett Levermyr stadion feira som om dei hadde vunne cupfinalen.

Kampen enda til slutt 1-1. Onsdag går returkampen på Sør Arena.

(Artikkelen fortsetter under videoen)

Start-trener Bård Borgersen

Vanskelege baneforhold

Det var særs krevjande speleforhold i Grimstad. Mykje nedbør tidlegare i veka og frost dei siste to døgna før kampen skulle spelast gjorde at bana var knallhard.

Dei verste områda var dekka av sagflis.

Dommar Trygve Kjensli ga klarsignal ein time før kampstart.

Rolf Daniel Vikstøl
Glenn Andersen
Jerv-Start
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %