Hopp til innhold

Såg knivdrama: – Eg skvatt då han slo politimennene

Eit augevitne stod berre meter unna då gjerningsmannen knivstakk to politimenn midt i Vennesla sentrum fredag ettermiddag.

Knivstikking i Vennesla

Det var her knivstikkinga skjedde fredag ettermiddag.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

– Eg var eigentleg aldri særleg redd, men eg skvatt då mannen slo mot politimennene, seier personen til NRK.

Knivstikking i Vennesla

Politiet pågreip gjerningsmannen ein time etter at han knivstakk to sivile politimenn.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Det var like over klokka 15 fredag ettermiddag at dramatikken fann stad i Vennesla sentrum. Det heile skjedde rett utanfor vindauge til ein frisørsalong.

Augevitne la først merke til at det gjekk ein mann med finnlandshette rett utanfor salongen. Etterkvart kom det to menn bort til han.

– Dei stod og prata med han og det såg ganske roleg ut. Så såg det ut som om dei ba om å få sjå hendene hans. Plutseleg slo han til den eine politimannen, fortel vitne.

– Såg at han blødde

Politimannen tok seg til halsen og det var tydeleg at han blødde.

– Det var då eg forstod at det ikkje berre var eit slag, men faktisk knivstikking, seier vitne.

Dei to sivilkledde politimennene trekte seg unna og gjerningsmannen sprang frå staden i full fart.

– Den eine politimannen vart liggande på ein leikeplass like ved. Den andre trur eg kom seg til legevakta sjølv, fortel vitne.

Ein time etter knivstikkinga vart gjerningsmannen pågripen på eit eldresenter like i nærleiken. Mannen hadde låst seg inne på eit toalett. Pågripinga skjedde utan dramatikk.

To polititjenestemenn i Vennesla er stukket med kniv, melder politiet. Skadeomfanget er foreløpig ikke kjent. En person er pågrepet.

Sjå video frå pågripinga.

Alvorleg skadde

Bakgrunnen for at dei to sivilkledde politimennene oppsøkte mannen er førebels ikkje kjent.

– Det har vi ikkje opplysningar om førebels. Vi må først snakke med dei to som ligg på sjukehus før vi kan seie noko om det, seier stabsjef i Agder-politiet, Jon Kvitne til NRK.

Kvitne stadfestar at dei to politimennene ikkje bar våpen då knivstikkinga fann stad.

Dei to politimennene er sende til sjukehus i Kristiansand. Tilstanden er alvorleg, men ikkje livstrugande. Ifølgje NTB var det ein politistudent og ein politimann som vart knivstukke.

Ifølge Fædrelandsvennen jobbar både politistudenten og politimannen ved Vennesla og Iveland lensmannskontor.

Kirsten Lindeberg

Kristen Lindeberg er politimeister i Agder.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Det er alvorlege skader, men det har vore flaks at det gjekk så bra som det gjorde, seier Kvitne.

Politimeisteren: – Gjer stort inntrykk

Politimeister Kirsten Lindeberg har fredag kveld besøk den eine av dei to skadde politimennene.

– Han var etter forholda ved godt mot. Det gjer eit stort inntrykk i heile politikorpset når to kollegaer blir utsett for ei så alvorleg hending. Heldigvis går det bra med begge to, seier Lindeberg i ei pressemelding.

Gjerningsmannen vert fredag kveld undersøkt av helsepersonell. Dei skal vurdere mannen si psykiske helse.

Politiet opplyser at mannen er etnisk norsk.

Knivstikking i Vennesla

Politiet stengde av eit område i samband med pågripinga av gjerningsmannen.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %