Gausel heldt lenge plantinga av 6000 vinstokkar for seg sjølv. Men dei siste vekene har satsinga på den gamle herregarden på Træsnes i Froland, fått stor merksemd.
Det har vorte omtale i fleire aviser og oppslag på NRK radio, nett og TV.
– Eg har eigentleg prøvd å halde ein låg profil. Men det er jo umogleg, humrar Gausel som til vanleg er professor i psykologi i Stavanger.






Morosamt med norsk vin
Denne veka toppa det seg. Danmarks eigen allmennkringkastar, DR1 gav saka brei merksemd. I det populære TV-programmet, Vores Vejr, vart det vist bilete frå garden og intervju med vinbonden.
– Vinproduksjon i Noreg, det er sjovt, uttalte programleiar Louise Gade.
Det danske vêrprogrammet med søkjelys på vinproduksjon i Noreg.
Temaet i programmet var klimaendringane og korleis det flyttar vinproduksjonen stadig lenger nord i Europa.
Gausel har allereie planta 6000 vinstokkar på den solrike garden sin, like ved Nidelva.
– Danskane ser på dette som ganske rart. Dei tenkjer nok på oss som eit vinterland. Og det er nok litt merkeleg for franskmenn og tyskarar òg. Men no rettar dei faktisk blikket nordover til oss.
Vinprodusentane ser nordover
Sjølv samarbeider Gausel med ein av Tysklands største vingardar som ser moglegheiter lenger nord. Klimaendringane gjer dyrkinga i Sør-Tyskland stadig meir krevjande.
– Dei haustar stadig oftare i ekstrem varme og druene tørkar inn til rosiner, seier vinbonden.
Han har allereie testa ut ei rekkje druesortar og funne fram til dei som passar best i eit norsk klima.






I det danske TV-programmet blir også den norske klimaeksperten Svein Tveitdal intervjua.
Han bur sjølv i Froland, og gav i programmet dystre utsikter for dei klassiske vinbøndene lenger sør.
– 85 prosent av stadene som dyrkar vin i dag er utsett og trua allereie i 2050. Samtidig gjer temperaturauken det stadig lettare for druer her i Noreg, sa Tveitdal i programmet.
Klimaekspert Svein Tveitdal gav dystre utsikter for dei tradisjonelle vinområda.
Foto: Erik Wiig Andersen / NRK– Vil kjøpe heile produksjonen
Det populære danske vêrprogrammet går litt djupare i vêr og klimasaker. Den danske vinbonden, Claus Møller Pedersen kommenterte også det som skjer i Noreg.
I Danmark er det rundt 100 vingardar, mot cirka 50 i Noreg.
– Det blir stadig enklare å dyrke druer her nord. Også tradisjonelle druesortar som chardonnay og cabernet sauvignon vil klare seg bra om få år, forklarte bonden.
Innslaget med vingarden frå Froland vart følgt opp med kommentarar frå danske vinprodusentar.
Foto: DRGausel har fått tilbod frå både inn- og utland. Men å få fram vindruer tek lang tid.
– Nokon ønskte å kjøpe heile produksjonen. Men det er ikkje mogleg å selje noko før tidlegast 2026, seier han med eit smil.