Hopp til innhold

Sjeldan brennmanet sett på Sørlandet

Ikkje la deg lure av den vakre utsjånaden, for denne kan lett gje deg brennande svie. Søndag vart ei sjeldan manet observert på Brekkestø i Lillesand.

En manet med store tentakler og rød farge

Denne maneta overraska torgåar Rune Ribe på søndag.

Foto: Rune Ribe / Privat

Eg syntest det var veldig overraskande å møte på denne her. Litt skummelt også. Eg vil jo helst ikkje få denne på kroppen, seier Rune Ribe.

På søndagstur på Brekkestø på Justøya gjorde han ein uvanleg observasjon.

Ribe såg ein Pelagia noctiluca, eller «lysmanet», ein art som vanlegvis lever i tropiske havområde.

Her, like utenfor Lillesand, ble den sjeldne maneten observert søndag formiddag.

Ribe fortel at han kjende att den uvanlege maneta med ein gong.

Ho er veldig lett å kjenne att på dei litt kraftige tentaklane som heng under.

Ribe har sett manetarten fleire gongar i varmare land, men fortel at det er første gong han har observert han i Noreg.

Les også Lone (17) bryter med tradisjonene i hummerfiske

Hummerfisker Lone Brøhjell, Flekkefjord står i fritidsbåt med liten svar hummer. Hun har lys lue og gul jakke. Sjø i bakgrunnen.

Ein sjeldan gjest

Lysmaneter lever vanlegvis i varme havområde som Middelhavet, Raudehavet og Det indiske hav.

Namnet kjem av at arten er i stand til å produsere biologisk lys.

Maneta har nesleceller, eller giftceller, både på tentaklane og oppe på klokka.

Ifølgje forskar Tone Falkenhaug ved Havforskingsinstituttet er gifta til denne maneta relativt sterk, og kontakt med henne kan gje smertefull svie.

Tone Falkenhaug, Forsker hos havforskningsinstituttet.

Forskar ved havfoskingsinstituttet, Tone Falkenhaug, fortel at varme havstraumar innimellom kan føre lysmaneter til norskekysten.

Foto: Erlend Astad Lorentzen / Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Forskaren fortel at det ikkje er ofte dei ser denne arten langs norskekysten, men at det hender sporadisk at det kjem enkeltindivid hit med varme havstraumar.

Dette er ein relativt sjeldan gjest hos oss, stadfestar ho.

Tidlegare i haust har Havforskingsinstituttet fått melding om to observasjonar på Sørlandet.

En rød/rosa manet i havet

Pelagia noctiluca høyrer til nesledyra. Desse bruker giftige nesleceller til å lamme og drepe bytedyra sine. For menneske kan gifta i desse cellene gje skarp svie.

Foto: Rune Ribe / Privat

Skaper problem

Sjølv om lysmaneter som hovudregel ikkje finst i Noreg, kan dei ifølgje forskaren skape store utfordringar i varmare land.

I Middelhavet har lysmanet vore eit stort økonomisk problem for turistnæringa. Strender har vore nøydde til å stenge fleire gonger, seier ho.

Falkenhaug fortel at lysmanet også kan skape problem for oppdrettsnæringa, dersom dei førekjem i store mengder.

Les også Det blir flere blå brennmaneter

Det blir stadig flere blåmaneter.

Ønskjer registrering

Her heime har forskaren eit ønskje til dei som ser uvanlege maneter langs norskekysten.

–Eg vil oppmode alle om å registrere observasjonar av maneter i «Dugnad for Havet».

www.dugnadforhavet.no er Havforskingsinstituttet sin folkeforskingsportal. Der kan ein registrere sjeldne maneter, og det er mogleg å stille spørsmål til forskarane.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

grafisk brukergrensesnitt, tekst, applikasjon, chat eller tekstmelding

Slik sparer dei timevis kvar dag: – Slepp å sitte med nasen ned i papiret

En gammel død rotte blant treverk og rubbel

Rottejakt i Arendal rådhus: – Det har luktet litt stramt

Trøndere samlet til sommerfest. De sitter rundt et bord og spiser pizza.

Samles på Sørlandet: – Vi har noen egne kultur-koder som vi trøndere kjenner til

Illustrasjonsbilde av markens i Kristiansand.

Ransbølge: – Vi står i en krevende periode

Spilles av
Hvor «fat friendly» er Tusenfryd?
Neste