Hopp til innhold

Nok eit tap for Start

Tapsrekkja for Start held fram etter at stillinga til slutt enda på 1-4 mot Bodø/Glimt fredag kveld på Sør Arena.

Start - Bodø/Glimt

Assistenttrenar Øyvind Dalseth og trenar Steinar Pedersen måtte halde igjen jubelen for IK Start etter 1-4 tapet mot Bodø/Glimt.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

IK Start trengde seks poeng for å kome seg opp til ein trygg plass i serien, men kunne diverre ikkje ta med seg dei naudsynte tre poenga etter tapet mot Bodø/Glimt på Sør Arena fredag kveld.

Etter 32 spelte minutt gjekk gjestane i leiinga då Bodø/Glimt-spelar Trond Olsen sikra det første målet.

Gleda var stor blant gultrøyene då Start-spelar Chidiebere Nwakali utlikna etter 57 minutt.

Men det var forgjeves då Bodø/Glimt-spelarane Henrik Furebotn og Jens Petter Hauge scora kvar sitt mål innan kampen var omme.

Start har ikkje vunne på sine 29 siste kampar i Tippeligaen, sidan 4-1 heime mot Stabæk 4. juli i fjor. Dette er tidenes lengste rekke utan siger i øvste divisjon, framfor Sandefjords 27 kampar i 2010.

Dette er første gang i historia at Start står utan siger på sine 14 første kampar i ein Tippeliga-sesong. Aldri har laget hatt like få poeng etter 14 kampar, sju poeng då laget rykka ned i 2002 er nest svakast.

Før sigeren i dag hadde ikkje Bodø/Glimt vunne på sine fem siste besøk i Kristiansand i Tippeligaen og 1. divisjon, sidan 3-0 siger i oktober 2002.

Det tilsvarande oppgjeret i fjor enda 1-1 den 13. mai. Danny Cruz (6’) scora for Glimt, medan Rolf Daniel Vikstøl (8’) scora for Start.

Steinar Pedersen

Sjå intervju med Start-trenar Steinar Pedersen.

Intervju med Tapio Heikkelä etter Start - Bodø/Glimt.

Sjå intervju med Start-spelar Tapio Heikkelä.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %