Hopp til innhold

No kjem eigedomsskatten

Kristiansand har vurdert prisen på 25 000 eigedommar i kommunen. I løpet av kort tid får folk beskjed om kva dei skal betale.

Nils Olav Berge

SKATT: Prosjektleiar Nils Olav Berge fortel at innbyggjarane i Kristiansand får vite kva dei skal betale i eigedomsskatt i slutten av denne månaden.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– I slutten av februar får alle skatteytarar tilsendt takst og kva dei skal betale i ny eigedomsskatt, seier prosjektleiar Nils Olav Berge til NRK.no.

Aukar med 20 prosent

Kommunen har samla alle opplysningar, men kva den enkelte skal betale er ikkje klart per i dag. I snitt er Kristiansand i ferd med auke den kommunale eigedomsskatten med 20 prosent.

– Vi har ikkje køyrt den analysen som viser korleis det slår ut for ulike stader i byen, seier Berge.

Det er dei mest populære områda som får mest skatteauke. Det knyter seg spesielt spenning til strandeigedommane.

Strandeigedommar

– Når dei gjeld strandeigedommane er dei vurdert på lik linje som alle dei andre eigedommane i kommunen. Det vil seie ut ifrå ein forsiktig marknadsverdi som dei andre, seier han.

Gjennomgangen av dei 25 000 eigedommane har ikkje gått knirkefritt. Eit titals huseigarar nekta å samarbeide med kommunen om den nye eigedomsskatten.

– Det har vore situasjonar der eiegarar ikkje har ynskt at vi skal går gjennom eigedommane deira, seier han.

Fleire vil klage

Basert på erfaringar frå andre stader er det venta at mellom 1000 og 2000 vil klage på taksten når den vert offentleggjort. Onsdag føremiddag skal politikarane drøfte status for omtakseringsprosjektet.

Etter at folk har fått takstane for eigedommane sine, er klagefristen på fire veker.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %