No blir det ishockey heile året

Ishallen på Idda i Kristiansand blir for første gong open gjennom heile sommaren. No håpar ishockeyklubben at klubbar også utanfor Agder vil komme for å trene.

Ishall Idda Arena

Ishockeyhallen i Kristiansand vert open i sommar.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Det gjer oss ei unik moglegheit til ekstratrening for dei som treng. Nokre ligg litt tilbake på våre alderstrinn sidan ein del byrja litt seint på is, seier dagleg leiar i Kristiansand Ishockeyklubb, Tor Anders Nodeland til NRK.

Klubben har jobba for sommaropen ishall sidan hallen vart opna i 2011. No har dei endeleg lukkast i samarbeid med idrettsetaten i Kristiansand kommune.

Arrangerer ishockeyskule

– Dette gjer at vi kan invitere klubbar frå andre stader til Kristiansand for å trene. Dette har vi ikkje landa endå, men det er ei moglegheit, seier han.

Det er allereie klart at ishockeyklubben skal arrangere ishockeyskule til sommaren.

Der vil mellom andre landslagssjef Roy Johansen vere tilstades.

– Ein sommaropen hall gjer oss ganske unike moglegheiter i forhold til andre ishockeyklubbar som får sein is. Vi kjem nok til å bli ein populær by og hotella vil nok merke at dei får ekstra belegg i august, trur Nodeland.

Tøff konkurranse

Men generalsekretær Ottar Eide i Norges Ishockeyforbund fortel at det er fleire og fleire ishallar som har ope også om sommaren.

Fleire stader vert det også arrangert ishockeyskular. Det betyr stor konkurranse.

– Det er mange klubbar som ynskjer å reise på treningsleirar og sommarcampar der det er bra klima. Mange reiser til både Sverige, Danmark og faktisk Tsjekkia. Det kan ta tid å bygge opp eit tilbod. Dei må nok prøve dette eit år, seier Eide.