– Det handlar om å ha ryggen til alle nisjebutikkane som ikkje har turt å seie nei. Vi kan stå samla og seie at vi ikkje er med på dette, seier Gorine Forum.
Ho driv klesbutikken Image i Kristiansand og kom opp med ideen for to år sidan.
I staden for rabattar til kundane gir dei delar av omsetninga på fredag til Blå Kors.
Pengane går til matkassar i Kristiansand.
Vil ha heile landet med
No håpar ho at konseptet spreier seg til andre stader i landet.
– Eg er veldig glad i ordet rørsle. Eg vil skape ei rørsle og vil at dette skal spreie seg nasjonalt. Vi må finne eldsjeler i kvar by som kan dra dette vidare, seier Forum.
Gorine Forum romsterer rundt i ei pappøskje og fiskar opp eit stort, blått klistremerke.
– Det er til butikkane som er med, slik at kundane enkelt kan sjå kven som er med på «blue friday».
Over 50 butikkar i Kristiansand skal vere med på «blue friday», som blir arrangert for tredje gong i år.






Klistremerker til «blue friday».
Kai Stokkeland / NRKMeiner det er for mykje sal
Forum fortel at ho synest det er mykje press på å ha sal i tida før jul.
– Eg vil støtte små butikkar som treng å ha nokon i ryggen for å seie nei til dette, og eg vil vise at ein kan snu denne dagen til noko veldig positivt.
Ho trur heller ikkje det er spesielt berekraftig når butikkane har sal året rundt.
– Folk handlar og handlar, og handlar ting dei kanskje ikkje treng.
Forum synest det er betre at folk heller kan ønske seg noko, og tenke seg litt meir om kva dei handlar.
– Og å tenke kvalitet framfor kvantitet, seier ho.






Gorine Forum gjør seg klar til «blue friday».
Kai Stokkeland / NRKStort behov
På «blue friday» skal 10 prosent av omsetninga til butikkane som er med gå til Blå Kors.
I fjor vart resultatet 500 matkassar til utdeling. I år håpar Blå Kors det blir endå fleire.
– Det betyr utruleg mykje at folk er opptekne av andre enn seg sjølve. Så at vi kan bruke ein av dei store handledagane til noko godt er utruleg flott.
Det seier marknadssjef i Blå Kors i Kristiansand Henning Reme.
Han fortel at behovet for hjelp er stort.
– Vi veit at det er rundt 3000 barn i Kristiansand som veks opp i fattigdom. Vi kunne delt ut tusenvis av desse matkassene om vi hadde hatt høve, seier Reme.