Nær ved å køyre ned politifolk
Ein 30 år gammal mann er dømd til 30 dagars fengsel etter at han stakk frå staden etter eit trafikkuhell i Grimstad i fjor. Mannen skal ha vore nær ved å køyre ned to politimenn som måtte hoppe til side for ikkje å bli treft, skriv Agderposten.