– Vi tok eit skritt i riktig retning. Men eg trur vi må ha fleire poeng for å vere heilt sikre, seier Start-trenar Mons Ivar Mjelde til NRK.
Start slo eit Tromsø i poengnaud 3–2 på Alfheim. Dette var Start sin første siger på 18 år i Tromsø.
– Tromsø er eit lag på desperat jakt etter å halde seg, så det var ei ekstra nerve i kampen. Det å gå opp å klare å vinne gjer at vi legg forholda til rette for at vi skal stå i divisjonen, seier Mjelde.
– Det var nok ein kamp ekspertane ikkje hadde tippa at vi skulle vinne, seier trenaren.
Start sikra seg eit lite pusterom i nedrykksstriden med tre poeng på Alfheim. Avstanden ned til direkte nedrykk er no på sju poeng, medan det er seks poeng ned til kvalifiseringsplass der Tromsø ligg.
– Det er ikkje kvardagskost å vinne i nord. Start har vel ikkje vunne her så ofte. Det er ein stor prestasjon fram til 3–0. Etter det vart det litt vel spennande, seier Mjelde og tenkjer på at Tromsø reduserte to gonger.
Etter sigeren i Tromsø står Start med fire strake sigrar i eliteserien.