Hopp til innhold

Milliardgjeld i Agder-kommunane

Kommunane på Agder har tilsaman 13 milliardar kroner i lånegjeld. Det tilsvarar 47 000 kroner per inngbyggjar.

Flere penger, men ikke bedre tilbud i kommunene

GJELD: Kommunane på Agder skuldar over 13 milliardar kroner til saman.

Foto: Johnny Syversen, Syversen, Johnny

– Mål per innbyggjar er gjelda i fleire tilfelle dobla dei siste fem-seks åra. Dette gjer kommunane sårbare, seier økonomiprofessor, Sigbjørn Sødal ved Universitetet i Agder til Fædrelandsvennen.

Risiko

Ein gjennomsnittleg nordmann er belånt med 35 000 kroner - sørlendingane ligg altså høgare enn dette.

– Sjølvsagt er lånegjelda vår høg, men den er eit resultat av at politikarane våre ynskjer å gjennomføre ein del tiltak, seier rådmann i Lindesnes, Ståle Kongsvik.

Rådmannen i Søgne, Kim Høyer Holum, meiner mange kommunar vert freista til å investere i tider med låg rente, utan å vurdere risikoen. Dersom renta aukar med ein prosent, vil Søgne få nesten fire millionar i auka utgifter.

Fire milliardar i gjeld

Ifølgje Fædrelandsvennen vel mange å betale minimale avdrag og ta opp endå fleire store lån.

– I Søgne betalar vi no gjeld etter avskrivingstida. Det betyr at når bilen vert skrota, er den nedbetalt, seier han.

I Kristiansand har lånegjelda passert fire milliardar kroner.

– Vi ligg i taket av det vi kan handtere. Det vil vere eit prioritert mål å ha ei sterk og stram prioritering i tida som kjem, fordi investeringane slår inn på drifta, seier rådmann, Tor Sommerseth.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %