NRK Meny
Normal

Medaljedraumen knust for Vipers

Vipers Kristiansand måtte slå Byåsen på bortebane for å halde liv i medaljedraumen. 26 sekund før slutt vart draumen knust.

Kristine Lunde Borgersen, Vipers Kristiansand

Vipers-trenar Kristine Lunde Borgersen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Vipers leverte ei god førestilling i Trondheim Spektrum og såg ut til å få med seg viktige poeng tilbake til Kristiansand.

Byåsen leia faktisk aldri oppgjeret. Det stod uavgjort 11–11 til pause.

I andre omgang heldt Vipers oppe trykket og leia med tre mål ti minutt ut i omgangen.

Trønderane kjempa seg tilbake og utlikna ti minutt før slutt.

Då Lynn Knippenborg sette inn 24–23 med eitt og eit halvt minutt att å spele såg det ut til å kunne gå Vipers sin veg. Men med 40 sekund att på klokka fekk Byåsen straffe.

Teodora Tomac, som er søstera til Vipers-spelar Marta Tomac, gjorde alt rett og utlikna for Byåsen til 24–24, som vart sluttresultatet.

Dermed ligg Vipers seks poeng bak Byåsen som ligg på tredjeplass med tre serierundar att.

Det er med andre ord kun teoretiske sjansar for Vipers-medalje denne sesongen.