Hopp til innhold

Mathisen: – Unggutane pushar oss

Midtstoppar Jesper Mathisen merkar at det er mange unge spelarar i Start-troppen.

Jesper Mathisen

Jesper Mathisen er glad for at unge talent får sjansen i Start.

Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK

– Det kjem opp unge gutar som er veldig treningsvillege og pushar oss. Viss vi ikkje er på jobb kvar einaste dag tek dei plassen vår, seier Mathisen til NRK.

Store deler av fjorårssesongen vart øydelagt av skade for Mathisen. Mot Sørlandslaget fredag var han tilbake i midtforsvaret.

– Å få spele i den gule drakta igjen var veldig gøy. Det har vore mykje kjedeleg trening. Det er framleis ein lang veg å gå, men det fungerte godt, seier Mathisen.

Jesper Mathisen

Jesper Mathisen pådrog seg ein meniskskade i serieopninga mot Strømsgodset i fjor. Skaden sette 27-åringen ut av spel nærast heile sesongen.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Imponert over unggutane

Dårleg økonomi kombinert med krav frå omgjevnadene har gjort at Start har henta opp ei rekkje unge spelarar til A-laget.

I dag har klubben seks tenåringar i stallen: Kristoffer Vassbakk Ajer (16), Lars-Jørgen

Lars-Jørgen Salvesen

Lars-Jørgen Salvesen (18) er eitt av fleire unge talent i årets Start-stall.

Foto: Kim Nystøl / NRK

Salvesen (18), John Olav Norheim (19), Jon Hodnemyr (19), Joachim Holberg Eriksen (18) og Matias Rasmussen (17).

– Å satse ungt tvingar seg fram slik økonomien er. Rasmussen viser at han er ein veldig spennande spelar. Ajer er ekstremt spennande, og det er mange andre som kjem. Det trur eg folk likar, seier Mathisen.

– Så lenge dei presterer skal dei sjølvsagt spele. Vi er nøydde til å ha unggutar som leverer i år, og det ser det ut til at dei kjem til å gjere. Dei er ivrige, pushar kvarandre og er utruleg viktige for Start, seier han.

Kamp om plassane

Mathisen er berre 27 år, men vert nesten for veteran å rekne i dagens Start-stall. Han understrekar at dei erfarne spelarane kjem til å ta opp kampen for å halde på plassen i laget.

– Eg skal love deg at det skal vere eit par gamle gutar att på laget når vi skriv seriestart i 2015, seier han.

Start står med to sigrar og eitt tap så langt i oppkøyringa. Dei har slått Midtjylland 1–0 og Sørlandslaget 3-0, medan det vart 0–3 tap Aalborg.

13. februar møter dei den nyopprykka 1. divisjonsklubben Jerv til treningskamp.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %