Hopp til innhold

Mange droppar russetida: – Eg sparer mykje pengar

Mange gater blir i desse dagar fylte opp av ungdom i raude og blå dressar, men det er fleire som vel å ikkje ta på russedressen i det heile.

Russ på rekke og rad med blå og røde russedresser.

Rekordmange elevar på tredje trinn på Sam Eyde videregående skole i Arendal vel bort russetida i år.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK M&R

Du kan jo omtrent få ein heil sydentur for pengane som blir brukte, seier Karina Madland Reiersen.

Ho er avgangselev ved Sam Eyde Videregående skole i Arendal, der opp mot 40 prosent av avgangselevane vel å droppe russefeiringa i år.

Ein av dei er Thomas Dalen.

Økonomi er grunnen.

Eg sparer mykje pengar på å ikkje kjøpe dress, russekort, buss eller van.

Han vel heller å fokusere på skule.

– Eg kjenner det er litt for mykje fokus på festing og drikking, i staden for den fellesskapen det eigentleg skal vere.

Flere dropper russefeiringen

Thomas Dalen er avgangselev på Sam Eyde videregående skole i Arendal og har fleire grunnar til kvifor han vel bort russefeiringa.

Foto: Anna Rut Tørressen / NRK

Kan oppstå motstraumar

Professor ved Universitetet i Oslo Willy Pedersen, har tidlegare forska mykje på russetida.

Han har sett ei polarisering i russetida gjennom dei siste åra.

På den eine sida er stader der russebussar ikkje er ein del av feiringa.

– Her er russetida gjerne kortare, ein festar ikkje like mykje og det kostar mindre.

På den andre sida har du miljø som er prega av russebussar.

– Der blir feiringa meir intens. Den varer gjerne lengre og blir ofte veldig dyr. Rusmiddel blir også brukte flittigare.

Pedersen seier at der det er russebussar og høg partyfaktor oppstår det av og til motstraumar og ungdommar som seier at dette vil dei ikkje vere med på.

Dette kan vere éi forklaring på at elevar ikkje vil vere russ.

Ein annan kan vere ekskludering.

– Folk får ikkje bli med, og det set mykje kjensler i sving.

Willy Pedersen, forsker UiO

Willy Pedersen er professor ved Universitetet i Oslo, og har forska mykje på russetida.

Foto: Universitetet i Oslo

– Meir ekskluderande og tydelegare grupperingar

Mathea Kilane og Oliver Tregde sit begge i russestyret ved Vågsbygd videregående skole i Kristiansand.

Dei trur utanforskap er ein stor grunn til at mange vel å ikkje vere russ.

– Eg trur det har utvikla seg til å bli eit meir ekskluderande miljø, med tydelegare grupperingar og eit press om å vere kul nok for ei gruppe, seier Mathea.

Les også Inkluderende russ

Inkluderende russegruppe

Oliver trur også tre år med pandemi har gjort avgangselevar meir bekymra for eksamen.

– Mange stressar nok sidan det er første gong ein har eksamen på 13 års skulegang. Det er jo skummelt.

Oliver Tregde og Mathea Kilane i russestyret ved Vågsbygd videregående skole.

Oliver Tregde og Mathea Kilane i russestyret ved Vågsbygd videregående skole er stolt over at skulen deira fokuserer på ei inkluderande russetid.

Foto: Ina Marie Sigurdsen / NRK

Vågsbygd videregående skole har dei i år valt å satse ekstra mykje på eit meir inkluderande russemiljø.

Russepresident Helene Gaga veit at ein del vel bort russefeiringa, og vil ikkje at nokon skal kjenne på utanforskap av den grunn.

Det er jo fleire som har gått 13 år på skule som ikkje vil vere russ. Då er det viktig å gjere nok, sånn at dei kjenner seg inkludert i feiringa, seier ho.

Helene Gaga russepresident ved Vågsbygd Videregående skole.

Russepresident ved Vågsbygd videregående skole Helene Gaga trur mange tenkjer på skule og eksamen når dei vel bort russetida.

Foto: Ina Marie Sigurdsen / NRK

På Sam Eyde videregående prøver dei også å leggje til rette for ei inkluderande russetid.

Dei har «russekroer» for alle, også for dei som ikkje skal gå i kjeledress i april og mai.

– Men det er meir som eit oppløp mot russetida. Dei som ikkje skal vere russ kan framleis vere med, seier russepresident ved skulen Manda Heien.

Mange avgangselever velger å droppe russefeiringen. Russepresident Manda Heien.

Manda Heiden er russepresident ved Sam Eyde videregående skole i Arendal.

Foto: Anna Rut Tørressen / NRK

Hei!

Har du tips i denne saken?

Send meg gjerne en e-post!

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %