– Det som er spesielt i år er at mange av angrepa har vore relativt nær kysten, seier Kristian Eiken Olsen i tilsynet til NRK.no.
Rundt 80 prosent av sauene var drepne eller så alvorleg skada at dei måtte avlivast når dei vart funne.
Flest i Vest-Agder
Størstedelen av funna er gjort i Vest-Agder.
– Det er relativt høgt tal, men det er over to fylke. Vi har dokumentasjon på at det var to ulvar, i alle fall på eit tidspunkt, seier Eiken Olsen.
Seinast i helga vart fem sauer funne drepne av ulv i Åseral. Ein elgjeger såg ein ulv ete ein sau gjennom kikkertsiktet.
Sauen var død
NRK.no fekk tidlegare opplyst at sauen av levande. Dette avkrefta jegeren overfor Fædrelandsvennen måndag.
– Sauen var død då eg gjekk bort til den, sa Normann Hetland til avisa.
Måndag starta lisensjakt på ulv. Det betyr at det er lov til å skyte to ulvar i Agder-fylka.