Totalt 13 tilsette misser jobben, skriv Agderposten.
Alt utstyr er selt til Viksnes Båt og Service i Bergen, som også har kjøpt rettane til å byggje Skilsø-båtar.
– Det starta med finanskrisa og båtsalet dei siste to-tre åra har berre gått nedover. Det kulminerte vel eigentleg ved påsketider då det var bom stopp og ingen ordrar og generelt lita interesse for båt, seier medeigar Øystein Roland til NRK.no.
– Framtidsutsiktene utover hausten ser ikkje ut til å bli dei beste og då er det betre å leggje ned, seier han.