Hopp til innhold

– Datafeil trugar tryggleiken til pasientane

Ein feil i datasystemet ved Sørlandet sykehus skal ha ført til at operasjonar vert skyvd eller stryke kvar einaste veke. – Dette trugar pasienttryggleiken, seier klinikksjef Geir Bøhler til Agderposten.

Operasjonsstue

Ein datafeil har gjort at operasjonar ved Sørlandet sykehus skal ha blitt forskjøve.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Sørlandet sykehus er med på å teste ut eit nytt datasystem som skal gjere det lettare å planlegge operasjonar. Programmet skal erstatte manuelt arbeid.

Feilen skal mellom anna ha ført til at pasientar som ikkje har vore venta har komme til operasjonsstovene.

Ved eitt tilfelle skal ein pasient som vart operert ha blitt meldt opp til ny operasjon dagen etter. Sjukehuset var i gang med å førebu operasjonen før feilen vart oppdaga, ifølgje avisa.

– Det trugar pasienttryggleiken, og det er uakseptabelt å vente lenger på å få feilen fiksa, seier klinikksjef Geir Bøhler til Agderposten.

I desember sende sjukehuset eit brev til Helse Sør-Øst der dei ber om at det vert teke tak i. I eit svar frå Helse Sør-Øst går det fram at dei vil finne ei løysing på problemet så raskt som råd.

Ifølgje Bøhler skal ingen pasientar ha blitt skada som følgje av datakrøllet til no.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,84 kr
Dyrest kl. 08 1,2 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %