Hopp til innhold

Kristiansund klar for eliteserien

Etter to nesten-sesongar kunne Kristiansund endeleg sleppe jubelen laus. Neste år spelar klubben i eliteserien.

1. Divisjon fotball 2016. Jerv-Kristiansund.

Kristiansund-spelarane jublar for 1–1 scoringa mot FK Jerv. Målet var nok til å sikre opprykk til eliteserien.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Opprykksoppskrifta var enkel før møtet med FK Jerv på Levermyr i Grimstad søndag. Med poeng ville opprykket vere i boks for vestlendingane.

Og slik gjekk det. 1–1 var akkurat nok. Kristiansund BK er eit eliteserielag. Dei får følgje av Sandefjord som slo Bryne 1–0 på heimebane.

1. Divisjon fotball 2016. Jerv-Kristiansund.

Jerv-kaptein Glenn Andersen fekk seg ein skikkeleg karamell i første omgang.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Jerv, som var avhengig av siger mot Kristiansund, må ut i kvalifisering til eliteserien.

Hissig angrepsduo

Det var ikkje sjølvsagt at Kristiansund skulle få med seg det naudsynte poenget vestover. Dei gjekk ut i hundre og burde ha teke leiinga tidleg i første omgang.

Dei hadde tverrliggarskot og ei rekkje store sjansar i opningsminutta. Angrepsduoen Daouda Bamba og Alassane Mendy viste gang på gang at dei er meir enn sugne på eliteseriespel neste sesong. Fleire gonger sette dei eit usikkert Jerv-forsvar på prøve.

Men Jerv kom meir inn i kampen etter kvart og spelte seg til fleire brukbare sjansar.

21 minutt var spelt då Tonny Brochmann stupte inn i feltet og sende heimelaget noko ufortent i leiinga.

FK Jerv-jubel

Tonny Brochmann sende Jerv i leiinga 21 minutt ut i kampen.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Ropte på straffe

Gjestene frå Møre og Romsdal reiste seg raskt. Berre tre minutt seinare snappa Bamba opp ballen etter rot i Jerv-forsvaret. Spissen gjorde alt rett, aleine med Jerv-keeper Øyvind Knutsen, og utlikna til 1–1.

I andre omgang ropte 1300 tilskodarar på Levermyr stadion på straffespark då Alexander Lind vart lagt i bakken etter 11 minutt. Men dommar Rohit Saggi rista på hovudet og vinka spelet vidare.

Den siste halvtimen var det Jerv som var nærast scoring. Kristiansund la seg lågt i bana og inviterte heimelaget i angrep gang på gang.

Sjansebonanza

15 minutt før slutt kasta heimelaget alt og alle i angrep. Dei kom til fleire store sjansar, men klarte ikkje å få ballen mellom stengene.

Men Kristiansund forsvarte seg heroisk og drog i land det eine poenget dei trengde.

Kristiansund har spelt kvalifisering til eliteserien dei to siste sesongane, men har ikkje klart å ta steget opp i eliteserien før no.

Laster innhold, vennligst vent..
null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,63 kr
Dyrest kl. 07 1,36 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 3,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,8 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %