Hopp til innhold

Ber Agder Energi om svar etter NRK-oppslag

80 straumbrot i Setesdal i løpet av eitt år gjer at Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap krev ei forklaring frå Agder Energi.

Reparasjon strømnettet

Agder Energi må svare Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap for mange straumbrot i Setesdal.

Foto: Lars Eie / NRK

Det var etter ein artikkel på NRK.no at direktoratet sende brev til Agder Energi. Der ber dei om ei utgreiing på kvifor det har vore så mange straumbrot.

– Etter oppslaget til NRK ynskjer vi kontakt med Agder Energi for å gjere greie for forholda i Setesdal, seier Bjørn Bråthen som er regionsjef i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Direktoratet: – Uvanleg

Det var i januar at NRK fortalde om forholda i Setesdal. Kommunane er leie av stadige straumbrot og eit ustabilt linjenett. Allereie då kravde Setesdal regionråd at energiselskapet måtte gjere tiltak.

Tarald Myrum

Leiar i Setesdal regionråd, Tarald Myrum.

Foto: Svein Sundsdal / NRK
Christian Altmann

Kommunikasjonssjef i Agder Energi, Christian Altmann.

Foto: Privat

– Vi er veldig glade for at direktoratet no ber Agder Energi om ei utgreiing, seier leiaren i regionråde, Tarald Myrum.

Regionsjefen i direktoratet seier at det er sjeldan at dei går vidare med saker som vert omtala i mediene.

– Det er nok noko uvanleg. Men i og med at det var såpass kraftig poengtert frå ordførarane i Setesdal meiner eg det var veldig rett av oss å ta tak i dette, seier Bråthen.

Det skal vere flest straumbrot på vinterstid, og spesielt i samband med stort snøfall.

80 straumbrot på eitt år

I løpet av eitt år skal det ha vore 80 straumbrot i Setesdal. I løpet av eit par månader skal det også ha vore 20-25 straumbrot i regionen.

Det er desse tala direktoratet har lagt til grunn då dei sende brev til energiselskapet.

Kommunikasjonsdirektør i Agder Energi, Christian Altmann, seier at tala kan vere feil.

– Vi må kanskje sjå litt på begrepsbruken her. Dersom straumen forsvinn i eitt sekund er det ein del apparat som måler og registrerer det som eit straumbrot. Det kan tenkjast at det har skjedd her, seier han.

– Så kan ein registrere ein nedgang i spenninga på linja som eit straumbrot. Det er ikkje eit straumbrot slik vi nyttar begrepet. Vi skal sjølvsagt svare på dette og forklare kva som ligg bak slike tal, seier Altmann.

Ifølgje kommunikasjonsdirektøren har selskapet allereie sett i verk tiltak for å få ned talet på straumbrot. Det inneber mellom anna meir linjerydding.

Etter planen skal Agder Energi i møte med Setesdal regionråd i løpet av våren.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 07 2,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %