NRK Meny
Normal

Køyrde i fylla - fekk 125 000 i bot

Ein mann frå Kristiansand har fått nesten 200 000 kroner i promillebøter på fem år.

Tysdag vart mannen dømt i Kristiansand tingrett for køyring i ruspåverka tilstand. Ifølgje Agderposten vart mannen stoppa midt på lyse dagen. Målinga viste at han hadde ei promille på 2,06.

– Sikta er i personundersøkjinga funne eigna for deltaking i rusprogram. Sikta har samtykka til dette og er orientert om kva rusprogram inneber, står det i dommen.

Også i 2005 vart mannen teken for promillekøyring. Då fekk han 65 000 kroner i bot. Dermed har mannen fått bøter på tilsaman 190 000 kroner for køyring i rus.

Mannen mista også retten til å køyre motoriserte køyrtety i fem år.