Hopp til innhold

Kommunedirektør går av: – Det er krevjande

Kommunedirektøren i Arendal, Inger Hegna, går av etter eit drygt år i jobben. No snakkar ho for første gang om det som har skjedd.

Sjå intervju med kommunedirektør Inger Hegna i Arendal.

– Det er ein krevjande situasjon for heile kommunen. For meg personleg er det også krevjande, men eg opplever at eg handterer det godt, seier kommunedirektøren i Arendal, Inger Hegna til NRK.

Tysdag morgon vart dei hovudtillitsvalde i Arendal kommune orientert om at det politiske fleirtalet har inngått ei sluttavtale med Hegna.

Avtala inneber mellom anna 16 månader med etterløn.

Stengde dørene for media

Seinare på dagen stengde formannskapet dørene for media då dei samla seg for å drøfte sluttavtala.

– I dag jobbar eg heilt som normalt, er i dei møta som er oppsett, og gjer dei arbeidsoppgåvene som ligg og ventar på meg, seier kommunedirektøren.

– Hadde du på noko tidspunkt sett føre deg at dette kunne ende slik som det ser ut til å gjere?

– I utgangspunktet ikkje. Men som toppleiar vil det vere underleg viss ein ikkje forstår at ein i ei slik stilling vil vere utsett til tider, seier ho.

– Kor lenge har det vore klart at det kunne gå slik som dette?

– Det kan eg ikkje kommentere, seier Hegna.

– Har du gjort noko gale?

– Det kan eg ikkje kommentere.

Les også Ny kommunedirektør i Arendal ber kvinner om å jobbe mer

Inger Hegna, kommunedirektør i Arendal

Konfliktfylt

Det har vore eit konfliktfylt forhold mellom Hegna og det politiske fleirtalet i Arendal.

Mellom anna i spørsmål om ein ny sjukeheim og avvikling av sjukeheimsplassar på Solhaug bu- og omsorgssenter.

Varaordføraren har mellom anna gått i fakkeltog og heldt apell for å bevare omsorgssenteret.

– Mi oppleving av det som vi var einige om i samband med tilsettinga av meg, var jo at eg både skulle ta eit stort ansvar for å sikre ein robust og føreseieleg økonomi, og at eg sørga for å både stabilisere organisasjonen der kor det var naudsynt, og utvikle kommunen sine teneste og alt det vi har ansvaret for i ein kommune, seier Hegna.

– Har politikarane late deg gjere det?

– Det vil eg nok også seie ingen kommentar til.

– Har du vore for hard i klypa og vore for lite lyttande?

– Det kan eg ikkje bedømme sjølv. Det må andre kommentere.

– Men har du vore inne på tanken at det kan vere sånn?

– Det vil eg vel heller ikkje kommentere.

Vil du har fleire artiklar frå ting som skjer i Arendal? Det finn du her.

Inger Hegna

Inger Hegna på talarstolen i bystyresalen. No går det mot slutten som kommunedirektør.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Ordføraren vil ikkje kommentere tillit

Politikarane i Arendal er ordknappe om konflikten.

– Ein kommunedirektør i eit kvart kommunestyre har tilliten til ei kvar tid, som bystyret gir, seier ordførar Robert Cornels Nordli (Ap).

– Har kommunedirektøren tillit no?

– Det har eg ingen kommentar til, seier ordføraren.

Robert Cornels Nordli

Arendalsordførar Robert Cornels Nordli.

Foto: Lars Eie / NRK

Frps Anders Kylland meiner det var feil å diskutere kommunedirektøren si rolle bak lukka dører.

– Opposisjonen meiner saka som har vore behandla i dag kan behandlast open. Det har vi fremja forslag om, men det fall, seier Kylland.

– Meiner de at kommunedirektøren bør halde fram?

– Eg vil ikkje vere med på å kommentere noko som kan vere med på å legitimere innhaldet i saka. Så eg ynskjer ikkje å gå meir inn på det utover det som er sagt, seier Kylland.

Pål Koren Pedersen jobbar i kommunen og uttalar seg som talsperson for ei stor gruppe tilsette. Han reagerer sterkt på det han meiner er manglande involvering i prosessen rundt kommunedirektøren.

– Det eg veit heilt sikkert er at dei tillitsvalde ikkje har vore involvert. Kommunalsjefane har ikkje vore involvert og ingen andre er spurt til råds om korleis vi som tilsette ser denne saka, seier Pedersen.

Pål Koren Pedersen

Pål Koren Pedersen reagerer på det han meiner er manglande involvering.

Foto: Svein Sundsdal / NRK
null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,63 kr
Dyrest kl. 07 1,36 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 3,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,8 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %