Hopp til innhold

Kjempar for nedlagd skule

Kampen for å bevare Erkleiv skole i Kristiansand held fram. No vil aksjonsgruppa kontrollere om alt har gått riktig for seg.

Juleavslutning Erkleiv skole

KJEMPAR: Måndag kveld hadde Erkleiv skole si siste juleavslutning i historia. Politikarane har bestemt at skulen skal leggjast ned. Men aksjonsgruppa for å behalde skulen nektar å gi opp, og håpar på juleavslutningar også i framtida.

Foto: Håvard Raustøl/NRK

– Vi har ikkje gitt opp. Det er eit val til hausten og vi ser på moglegheita for ein lovlegheitskontroll på heile vedtaket. Vi vil sjå om dette har gått riktig for seg, seier Hans Martin Skovly i aksjonsgruppa til NRK.no.

Siste juleavslutning

Måndag kveld var det juleavslutning på Erkleiv skole, og det for siste gang i skulen si historie. Tidlegare denne månaden var skulen med 14 elevar vedteken nedlagt i bystyret i Kristiansand. Ifølgje vedtaket skal elevane frå Erkleiv starte på Justvik skole neste skuleår.

31 politikarar stemte for ei nedleggjing, medan 22 ville at skulen skulle drivast også i framtida. Aksjonsgruppa parkerte traktorar og lastebilar føre Rådhuset i Kristiansand for å markere motstand mot nedleggjing av bygdeskulen - til inga nytte.

Held fram kampen

Men aksjonsgruppa gir ikkje opp kampen for skulen sin.

– Vi ynskjer å sjå på om alle formalitetane er gjort riktig. Viss det viser seg at det formelle ikkje er gjort og dei ikkje har undersøkt og sett på alle utgreiingar og konsekvensar, så har vi ei ankemoglegheit, seier Skovly.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 1,1 kr
Dyrest kl. 19 1,65 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %