Hopp til innhold

KIL-spelarar barka saman

Kai Risholt og Olav Dalen hamna i slåstkamp på fredagens trening.

Kai Risholt og Olav Dalen i slåstkamp (Kongsvinger)

SLÅSTKAMP: Kai Risholt (underst) og keeper Olav Dalen hamna i slåstkamp på dagens KIL-trening. Medspelarar måtte skilje kamphanane.

Foto: Simen Næss/Glåmdalen

Det var ein halv time før slutt dei to KIL-spelarane barka saman, skriv glomdalen.no.

Olav Dalen

Olav Dalen

Foto: Teigen, Trond Reidar / SCANPIX

Ein tøff duell var brakgrunnen for epiosden. Ifølgje avisa rulla dei to rundt på kunstgraset og skreik til kvarandre. Medspelarar måtte gripe inn for å skilje kamphanane.

– Risholt irriterte meg

– Eg reknar med at Kai seier noko anna, men det var han som irriterte meg først, seier Dalen til Glåmdalen.

Kai Risholt avdramatiserer det heile.

– Det var litt guteaktig leikeslåsting mellom meg og keeperen. Han gjorde ei tabbe og vart forbanna på seg sjølv og lot det gå utover meg. Det tykkjer eg var heilt riktig av han, seier Risholt til NRK.no.

Sjølv har Risholt etterlyst tenning på trening.

– Dette trengde vi

Kai Risholt felles av LSK-keeper

Kai Risholt

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

– Det var på tide. Det er første leikeslåsting i år. Det har vore alt for lite av det så langt i år, så det trengde vi. I fjor skjedde vel slikt ein gang i veka, dette var første gang i år, seier Risholt.

Trenar Øyvind Eide seier til Glomdalen at episoden ikkje vil få konsekvensar for nokon av spelarane.

– Nei, dette var ikkje over grensa av kva vi kan akseptere. Det skal vere tenning og trøkk. Spør du meg har det heller vore for lite av det på KIL-treningane, seier han.

KIL-lag i poengnaud

Det er eit lag i poengnaud som møter Start på Gjemselund søndag.

– Eg gler meg veldig. Det er vinn eller forsvinn for vår del. Vinn vi har vi ein god sjanse til å halde oss. Tapar vi blir det 1. divisjon til neste år, seier Risholt til NRK.no.

– Start har kun teke eitt poeng borte på kunstgras i år, så dette bør vi klare, seier han.

Kongsvinger har slite stort med økonomien. For kort tid sidan fekk klubben millionstøtte frå kommunen, som gjer at laget kom ut av krisa.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %