Forskar Pål Nymoen
Foto: Espen Bierud/NRKNymoen studerer ein av slipesteinane som er funne.
Foto: Espen Bierud/NRK– Det er heilt tydleg eit forlis som har skjedd i innseglinga til Ulvøysund, som er ei trygg havn. Dei har sikkert komme over Kvåsefjorden eller inn frå sør over Skagerrak og bomma med nokre meter på sundet, seier forskar ved Norsk Maritimt Museum, Pål Nymoen til NRK.no.
Over 600 år
Dykkarar har allereie vore ned fleire gonger. Det er allereie funne gjenstandar som kan vere over 600 år gamle. I helga var dei på nytt ned i djupet, og dei kom heller ikkje denne gangen tomhendt opp igjen.
– Det er ingen moderne glasflasker eller potteskår eller noko slikt i funnstaden. Men vi har funne reinsdyrgevir. Det tykkjer vi ser spennande ut, seier Nymoen.
– Reinsdyrgevir veit vi har vore eksportvare for Norge både i vikingtida og i middelalderen. Det vart brukt til å lage kammar, knappar og små verktøy, seier han.
Det er også funne 24 slipesteinar på staden.
Skal analyserast
Gjenstandane vert no sendt til Oslo for analyse. Forskaren trur at analysane vil vise at dette er eit av dei eldste vrakfunna som er gjort i sjø her i landet.
– Det er yttarst få slike forlis som er kjent. Steinvarer forsvinn jo ikkje frå sjøbotnen. Treverk vert jo ete opp og blir borte, seier han forskaren.
– Dette kan setje oss på sporet av dei verkeleg gamle forlisa. Det er segla vikingskip også i denne leia her. Det at vi finn slike steinlass er fascinerande tykkjer eg, legg han til.
Dykkarane tok med seg eit reinsdyrgevir frå djupet.
Foto: Espen Bierud/NRK