Hopp til innhold

Fann 2 000 år gamalt langhus

Arkeologar frå Bergen Museum har i fire veker drive med utgraving av eit stort område ved Loen Kyrkje.

Video nsps_upload_2009_9_16_17_4_3_1787.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Ein meter ned i bakken, fann arkeologane eit langhus frå romartida og keramikk frå folkevandringstida.

- Vi har ikkje funne eit slikt storhus i Stryn tidlegare. Det er difor utruleg spanande, seier arkeolog og feltannsvarlig Anita Haugen.

- Utruleg stort og flott

Utgravingane skjer i samband med utviding av Loen kyrkjegard. Huser er målt til 40 meter. Men sidan det etter alt å døme strekkjer seg langt inn på gravplassen, kan ein snakke om mykje større lengde.

- Det er eit utruleg stort og flott hus. Det er vi kjempenøgde med, seier Haugen.

Ikkje Julius Cæsar

Roma’s keisar, Julius Cæsar, har neppe vore i Loen. I staden trur Haugen at det er ein hverkeleg storbonde som budde i Loen for rundt 2000 år sidan.

- Det har vore ein viktig person i samfunnet, seier ho. Aust for kyrkja er det også funne bruksspor etter hus.

- Men det er nok mykje mindre. Det er dette huset som er gromfunnet, seier ho.

Avsluttar denne veka

Haugen fortel at det har vore mange nyfikne innom utgravingsområdet for å sjå og høyre på funna. Det er ikkje berre store ting dei ser etter, også små ting kan dokumentere kor gamalt funnet i Loen er.

- Ja, det har det absolutt vore. Det er jo veldig gøy å fortelje om når det er eit så flott funn, seier ho. Utgravingane blir avslutta denne veka. Då kan arbeidet med å utvide kyrkjegarden ta til.

- Då kjem gravemaskinene og dekkjer det til og kommunen kan gjere som dei vil med området, seier Haugen.

  • I menyen til venstre finn du lenkjer til fleire fornfunn som er gjort i fylket.

Fleire funn i Stryn

Funnet i Stryn er ikkje det einaste som er gjort i Sogn og Fjordane den siste tida. I august vart det avdekka ein godt bevart handelsstad frå tidleg vikingtid ved Nordre Bjørkum i Lærdal.

I byrjinga av 2009 var Stryn kommune også åstad for det første spor etter buplass frå steinalderen så langt inne i fylket som på Bø.