Hopp til innhold

Jerv gjekk på kjempesmell

Fotballklubben Jerv hadde ikkje tapt ein seriekamp på 49 dagar før dei møtte tabelljumbo Nest-Sotra på bortebane.

Steinar Pedersen, FK Jerv

Steinar Pedersen sine menn fekk det tøft mot Nest-Sotra. (Arkivfoto)

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Grimstad-klubben kunne ha fått ein kjempestart på kampen då dei fekk straffe etter fem minutt. Men Andreas Hagen klarte ikkje å overliste Øystein Øvretveit i Sotra-buret.

Etter det var det heimelaget som var best på det meste. Men det tok 40 minutt før dei fekk si første scoring. På overtid av første omgang sende Steffen Lie Skålevik Nest-Sotra i leiinga.

I andre omgang dobla Gojko Ivković leiinga etter fem minutt. Ti minutt seinare sette Lie Skålevik inn si andre scoring for dagen.

Simen Næss fastsette sluttresultatet til 4-0 på overtid.

Sist Jerv tapte ein seriekamp var mot Follo på bortebane i 2. serierunde 19. april.

Etter det har det blitt fire sigrar og fem uavgjort. Men mot Nest-Sotra, som ligg heilt sist i divisjonen, fekk altså Grimstad-klubben skikkeleg juling.

Jerv ligg på 7. plass på tabellen etter oppgjeret på Ågotnes.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %