Hopp til innhold

Daglege innbrot og tjuveri: – Det er ikkje trygt her lenger

Innbyggjarar i Kristiansands største bydel er redde etter ei rekkje innbrot og tjuveri dei siste månadene. – Folk lever i frykt, seier velleiar i Kristiansand.

Innbrudd Vågsbygd

Ein mann forsøkte å ta seg inn i huset til Henriette G. Østebømyr midt på natta i førre veke. Mannen blei tatt på fersken med armen gjennom katteluka. På dørmatta ligg eit kosteskaft, som tjuven har knekt i to.

Foto: Privat

– Eg vurderer å flytte herifrå. Det er ikkje trygt her i Vågsbygd lenger, seier Henriette G. Østebømyr.

Nyleg vakna ho av rare lydar klokka 04 på natta. Då ho kom ut i gangen såg ho ein arm stikke gjennom katteluka på inngangsdøra. Østebømyr reagerte med sinne og opna døra og ba mannen om å gå.

– Der stod han ein halvmeter føre meg med eit knekt kosteskaft. Det var spisst. Eg tok opp telefonen, tok bilete av han og ba han gå herifrå, fortel ho.

Innbrotstjuven ba Østebømyr komme seg inn igjen i huset og late att døra, og skal ha sagt «eg prøver å bryte meg inn her».

Ho let att døra og ringde politiet, som kom ti minutt seinare. Tjuven var sporlaust borte.

– Eg tenkte heile tida på min fem år gamle son som låg og sov like ved. Eg var redd det skulle skje noko med meg slik at han vart aleine, seier ho.

Ho har meldt saka til politiet og fått ei stadfesting på at meldinga er motteken.

– Ekkelt og surrealistisk

Østebømyr er ikkje aleine om å vere redd. Fleire har fortalt om skremmande opplevingar i bydelen den siste tida.

Natt til torsdag tok nokon seg inn i leilegheita til Lila Elveseter Abrahamsen og familien medan dei låg og sov.

– Eg tykkjer det er veldig ekkelt. Det er litt surrealistisk. Eg har forsøkt å ikkje tenke så mykje på det, men det er skremmande, seier ho.

Truleg har tjuven, eller tjuvane, teke seg inn eit vindauge som stod ope.

– Mamma la først merke til at ein stasjonær Mac var vekk. Så såg ho fleire ting som var borte. Ho kom inn på rommet mitt og lurte på om vi hadde flytta på ting, men det hadde vi ikkje. Då forstod vi at det hadde vore folk her, fortel ho.

Lila Elveseter Abrahamsen

Lila Elveseter Abrahamsen og familien låg og sov medan tjuvar forsynte seg frå leilegheita i Kristiansand. Abrahamsen tittar ut vindauget der tjuven, eller tjuvane, truleg tok seg inn i leilegheita.

Foto: Tom Richard Hanssen Olsen / NRK

– Lever i frykt

Dagleg kjem det fleire meldingar på Vågsbygd Vel si Facebook-side om nye innbrot og tjuveri. No vil velet ha dialog med politiet.

– Folk lever i frykt. Det er for mange slike ting som skjer, seier leiar Hans Petter Mjølund.

Fredag tok politiet kontakt med Mjølund der dei ba om møte med velet. Han vil også invitere politiet på årsmøte i velet førstkommande onsdag.

– Vi må ha meir patruljering og raskare utrykking. Dei må ta det på alvor, seier han.

Debatten rasar på Facebook-sida til velet. Mange er opprørte fordi dei meiner politiet ikkje gjer nok. Fleire tek til ordet for å opprette nabovakter for å patruljere gatene.

Hans Petter Mjølund

Hans Petter Mjølund i Vågsbygd Vel etterlyser handling frå politiet. Han fortel at folk i Vågsbygd er redde.

Foto: Tom Richard Hanssen Olsen / NRK

Dette seier politiet

Politiet stadfestar at dei har registrert ei auke i talet på tjuveri og innbrot i garasjar og hus i Vågsbygd. I tillegg har det vore ei auke i talet på sykkeltjuveri i heile Kristiansand.

– Eg kan forstå at det er ei frykt. Men i utgangspunktet er det ikkje grunn til å vere redd. Dei er ute etter verdigjenstandar som er lett å omsette, seier etterforskningsleder Jan Nesland i politiet

– Ver nøye med å låse dører, lukke vindauge og ha kontroll på verdigjenstandar, seier han.

Han har også ei klar oppfordring til folk om å melde innbrot og tjuveri til politiet.

– Det nyttar å melde saka. Då får vi registrert den og vi kan finne gjenstandar att i til dømes ransaking seinare. Det er veldig viktig å melde slik at vi får ei oversikt.

– Vi køyrer i området med patruljar. Oppdagar ein uvedkommande skal ein ringe politiet med ein gang, så kjem vi så fort vi kan, seier han.

Politimann

Etterforskningsleder Jan Nesland ved Felles straffesaksinntak i Agder politidistrikt.

Foto: Tom Richard Hanssen Olsen / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,84 kr
Dyrest kl. 08 1,2 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %