Både Tunvallen Skole i Søgne, Grim Skole i Kristiansand og Holte Skole i Randesund vart utsett for innbrot i natt.
- Innbrotsbølgje
- Vi veit førebels ikkje om noko er vekke, eller kor alvorleg desse innbrota er, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Børge Steinsland til NRK Sørlandet.
Den siste tida har fleire skular vorte utsett for innbrot, men politiet står utan spor.
- Vi snakkar kanskje om ei lita innbrotsbølgje. Vi kjem til å etterforske sakene, og veit lite på dette tidspunkt, seier han.