Hopp til innhold

Høgre og Venstre til topps

Høgre gjekk fram heile 12,3 prosentpoeng ved årets val og er det største partiet i Lindesnes. Når Venstre nådde 17,4 prosent, vart partiet saman med Høgre vinnarane i Lindesnes. Dermed er det truleg slutt for KrF-ordførar Ivar Lindal.

Ivar Lindal

Ivar Lindal (KrF) får truleg ikkje halde fram som ordførar i Lindesnes etter eit skuffande val.

Foto: NRK

Høgre får no to nye representantar og står med fem i kommunestyret den neste perioden. Venstre får også to nye og står med fire representantar. Dermed treng dei to partia «hjelp» frå anten Arbeiderpartiet eller Frp for å få fleirtal i kommunen.

Treng hjelp

– Dei nærmaste dagane må vi få på plass dei to mandata, uavhengig av kvar dei skal komme frå. Men vi er sjølvsagt strålande nøgde, og vi har jo følt det godt i det siste, med tanke på signala vi har fått ute blant folk, seier Høgre sin ordførarkandidat Janne Fardal Kristoffersen til Lindesnes Avis.

Den store taparen i kommunen vart KrF som gjekk tilbake heile 13,7 prosentpoeng. Likevel fekk partiet 24,7 prosent av stemmene. Dermed ser det ut til at ordførar Ivar Lindal ikkje får halde fram. Partiet misser tre representantar og står att med fem i den neste perioden.

Frp tilbake

Senterpartiet misser også ein representant, men står att med ein i den neste perioden. Partiet oppnådde 6,2 prosent av stemma, og gjekk med det marginalt tilbake med 0,8 prosentpoeng.

Framstegspartiet gjekk tilbake 8,7 prosentpoeng og misser to representantar i kommunestyret. Partiet får dermed berre to i kommunestyret den neste perioden.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,65 kr
Dyrest kl. 20 1,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %