– Vi er nøydde til å øve eit scenario som er så realistisk som mogleg, seier stabssjef i Agder politidistrikt Vidar Arnesen.
Onsdag formiddag heldt den samla redningstenesta i Agder ei redningsøving i Lillesand og Grimstad.
Det vart konstruert ei alvorleg hending til sjøs for at alle partar skulle få øving samtidig.
Det var fleire enn hundre markørar med i redningsøvinga i Grimstad og Lillesand onsdag.
Foto: Kjetil Samuelsen / NRKAlle mann på dekk
Alle offentlege, frivillige og private aktørar som inngår i den samla redningstenesta i Agder var på plass.
– Øvinga involverer omtrent hundre markørar, to fartøy og vi har med helikopter frå Rygge, i tillegg til landsgåande og sjøgåande ressursar.
Bakteppet er å øve slik at ein er førebudd på akutte hendingar, og dessutan å utvikle samarbeidet mellom dei ulike aktørane i redningstenesta.
Dette var mellom anna tilsette frå Agder politidistrikt, Forsvaret, brannvesenet frå Kristiansand og Grimstad, Sørlandet sjukehus i Arendal, sivilforsvaret og mange fleire.
Øvinga blir halden kvart år, og lokasjonen blir bestemt året i førevegen.
I Lillesand var det synleg røyk frå ein båt i havna.
– Scenario er masseevakuering frå fartøy der vi også skal etablere evakuert- og pårørandesenter, seier Arnesen.
Studentar fra mediehøgskulen i Kristiansand var presse.
Mediestudent Brage Heggøy seier øvinga har vore lærerik.
- Det er heilt fantastisk for oss journaliststudentar å få vere med på dette. Vi lærer om kriseøvingar, og det er god erfaring å få med seg.
- Eg lærer å jobbe under stress og å handtere det. Eg følar øvinga er veldig reell, seier Pia Sofie Ådna.
Studentane var med for å gjøre det så realistisk som mogleg, seier Arnesen i politiet.
- For å kunne øve på dette på en ordentlig måte, må vi ha med media. Vi blir stressa av dei og det må vi handtere, sier Arnesen.