Hopp til innhold

Haraldsen har gløymt marerittkampen

I fjor var han syndebukken i serieopninga mot Strømsgodset. I år tok Knut Henry Haraldsen godt vare på sjansen då han fekk tillit frå start mot Sandefjord.

Knut Henry Haraldsen og Marcus Pedersen

VONDE MINNER: Knut Henry Haraldsen har vonde minner frå serieopninga mot Strømsgodset i fjor. Her er han i duell med Godset-spelar Marcus Pedersen, som stal ballen frå sørlendingen og scora. I år fekk Haraldsen ein langt betre start på sesongen.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Det er ikkje morro å vere delaktig i dei måla ein får imot seg. Det følte eg hang med meg litt i fjor. Men det er gløymt no. Når ein spelar fotball må ein ta dei tinga når det går dårleg, så er det desto kjekkare når det går bra, seier Knut Henry Haraldsen til NRK.

Tøff konkurranse

Haraldsen og midstoppar-kollega Clarence Goodson hadde god kontroll gjennom heile kampen i 2-0-sigeren mot Sandefjord på Sør Arena.

– Eg følte vi hadde bra kontroll, ja. Vi kommuniserte bra, Sandefjord kjem vel eigentleg berre til nokre langskot viss eg ikkje hugsar heilt feil. Så det er veldig bra, seier Haraldsen.

Clarence Goodson er det soleklare førstevalet på midtstopparplass. Men bak han kjempar både Haraldsen, Jesper Mathisen (skada), Bård Borgersen (skada) og Avni Pepa om den siste plassen.

– Heldigvis er det ikkje eg som skal vurdere den konkurransen. Det viktigaste er å stå på når ein får sjansen. Så skal eg gjere det eg kan for å gjere det best mogleg, seier midtstopparen.

Får skryt

Haraldsen får skryt frå trenar Knut Tørum.

– Knut Henry og Clarence var fantastiske bak der i dag. Dei hadde god kontroll, seier Tørum.

Veteranen meiner tre poeng i serieopninga ikkje kan undvervuderast.

– Det er alltid godt å få ein god start og siger. Vi dreg med oss sjølvtillit. Det er alltid godt og berre positivt. Det var deilig at vi trakk det lengste strået i dag, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %