Har Vipers-spelarar på blokka
Fleire Vipers-spelarar er aktuelle for landslaget. Det sa landslagssjef Thorir Hergeirsson etter kampen mellom Vipers Kristiansand og Lada. Han såg mellom andre Marta Tomac og Kari Brattset gjere god figur. – Det er fleire som bankar på døra, seier han.