Hopp til innhold

Har drepe opp mot 700 rotter på få dagar: – Heilt uverkeleg

Rotter tok nærast over nabolag i Arendal.

– Dette må vere ei av stammødrene, trur eg. Det er ei av dei større eg har sett, seier Otto Bjørn Møller-Hansen i det han løftar ei daud rotte etter halen.

Rotta har gått i fella det siste døgnet og var over eit halvt kilo.

Den er ikkje den einaste som har gått i fella. I løpet av ei god veke er det teke livet av opp mot 700 rotter i eit nabolag i Arendal.

– Eg har ansvar for tilsette frå Kragerø til Flekkefjord. Eg har aldri vore i nærleiken av noko slikt nokon gang, seier Tor Ole Dalen som er dagleg leiar i skadedyrfirmaet Pelias Sør.

Som i ein skrekkfilm

Både dei og privatpersonar har sett ut mange feller. Fellene har blitt tømde heile tida, og det er fylt på med nytt åte.

No har dei kanskje klart å slå ned den største rotteinvasjonen på Sørlandet i nyare tid.

Men folk i nabolaget seier dei nærast føler dei har vore med i ein skrekkfilm.

Rotter har pila rundt hushjørna, komme ut av krikar og krokar og har hengt i trea.

– Det har vore heilt uverkeleg. Du søv ikkje godt om natta. Det er ganske ekkelt, seier Møller-Hansen.

Dette kan vere årsaka

Søppel og hageavfall kan vere forklaringa på «rotteinvasjonen». No ber eksperten folk om å tenke seg om når dei kastar søppel.

– Folk gjer seg sjølv ei bjørneteneste med å ha for mykje kompost i hagen. Søppel er noko rottene elskar. Så søppelhandtering er alfa og omega, seier Dalen i Pelias Sør.

No håpar nabolaget at situasjonen er under kontroll og at dei kan komme tilbake til normalen.

– No håpar eg hovudutbrotet er slått ned med alt dei har teke. Eg kjem til å halde fram med mine feller. Så må vi berre ta det derifrå og håpe på det beste, seier Otto Bjørn Møller-Hansen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %