Hopp til innhold

Sjåfør hadde promille i dødsulykke

Sjåføren som køyrde ulykkesbilen i Søgne i september hadde 1,27 i promille. Fire ungdommar omkom i ulykka.

Dødsulykke Søgne

DØDSULYKKE: Fire ungdommar omkom i ei trafikkulykke i Søgne 10. september. No viser det seg at sjåføren køyrde i ruspåverka tilstand. (Arkivfoto)

Foto: Jan Inge Thomassen/NRK

– Resultatet av den rutinemessige blodprøva viser at promilla var over straffbar grense, altså 0,2 promille, seier lensmann i Søgne og Songdalen lensmannskontor, Terje Pedersen til Lindesnes Avis.

Han vil ikkje seie kor høg promilla var, men ifølgje VG Nett skal promilla ha vore 1,27. Men overfor NRK.no vil ikkje Pedersen seie noko om kor høg promille det er snakk om.

– Eg kan verken stadfeste eller avkrefte dette. Eg vil ikkje kommentere dette ytterlegare, seier han.

Kolliderte med lastebil

Fredag 10. september omkom fire ungdommar då bilen dei sat i kom over i feil køyrefelt i Trybakkane mellom Søgne og Mandal.

Bilen kolliderte med ein møtande lastebil. Ungdommane var i alderen 18-20 år.

LES OGSÅ: Ny kollisjon på ulykkesvei

– Prøvene har vore klare i fjorten dagar, men vi har brukt tida etter dette på kvalitetssikring av prøvene, seier Pedersen.

Rapport frå vegvesenet

Politiet vil etterforske saka vidare for å finne ut om andre faktorar kan ha spelt inn i ulykka.

– Vi har fått ein rapport frå Statens vegvesen. Men først må vi diskutere dette med påtalemakta før vi kan gå ut med noko, seier lendsmannen til avisa.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %