Hopp til innhold

Gravid kvinne dratt etter lastebil

Ei gravid kvinne skal vere uskadd etter å ha blitt dratt etter ein lastebil i Arendal.

Kvinne dratt etter kabel

Kvinna skal ha blitt treft og dratt etter desse kablane i Arendal.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Det opplyser politiet.

Ein lastebil skal ha komme borti og rive ned kablar frå lyktestolpar ved Strømsbuneset i Arendal.

Ifølgje politiet skal kvinna ha blitt treft av kablane og dratt etter lastebilen eit stykke.

– Kvinna verka uskadd, men blir sjekka på legevakta sidan ho er gravid, opplyser operasjonssentralen i Agder-politiet.

Lastebilen, som hadde ein båt på lasteplanet, skal ha køyrt vidare etter hendinga.

Politiet opplyser no at dei har komme i kontakt med føraren, og at førarkortet er beslaglagt.

Politiet vart varsla om hendinga klokka 10.47. Dei kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulykka.

Teknisk etat i kommunen er kontakta for å sikre leidningane.

Gravid kvinne dratt etter lastebil

Kommunen er ute for å sikre dei lause kablane.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %